Lesekunne er den vanlegaste omsetjinga av det engelske ordet literacy. Mange tenkjer nok at ordet dekkjer sjølve evna til å lese bokstavar og setje dei saman til ord. Men lesekunne handlar om mykje meir. For faktisk å forstå tekst vi les og ta til oss kunnskap, held det ikkje med ABC. Vi treng kunnskap for å ta til oss ny kunnskap, vi treng etablerte fakta som vi kan samanlikne nye idear med, og vi treng eit grunnlag å byggje ny innsikt på. Utan ein basis av kunnskap som vi forstår, er det nær umogleg å tenkje nye tankar.
Det har aldri eksistert så mykje tilgjengeleg kunnskap i verda som i dag. Men det er ofte eit stort gap mellom kva ein er i stand til å ta til seg og kva ein treng å setje seg inn i. For nokre er det språket som er barrieren – eit komplekst språk kan vere ugjennom-trengeleg for ein som ikkje er fagperson, og for dei mange som har lese- og skrivevanskar, er det enda meir krevjande. For andre er det manglande kunnskap som står i vegen; ny forsking byggjer på avansert kunnskap, og rapportar er oftast skrivne av fagfolk for andre fagfolk.
Kritisk tenking er viktigare enn nokonsinne. Barn og unge er særleg utsette for «fakta» som er manipulerte eller direkte falske. Populistisk -propaganda er ofte skriven i eit enkelt språk og skildrar eit sterkt forenkla og forvridd verdsbilde. Og når konspirasjonsteoriar og falske fakta først har sett seg, kan det vere vanskeleg å drive dei ut att.
Det å gje folk pålitelege fakta i eit språk dei forstår er den beste måten å «vaksinere» dei mot manipulering og falske fakta. Store norske og Vesle norske leksikon har ei særs viktig rolle som brubyggjar mellom fagmiljøa og befolkninga. Innhald som er skrive av dei fremste ekspertane på sine felt, og som er tilpassa av redaksjonen for å vere tilgjengeleg for dei som treng å forstå, er eit av dei beste forsvarsverka for vitskap og kritisk tenking.
Stadig meir av det tekstlege innhaldet vi møter, er generert av ulike -KI-modellar. Språket og framlegginga kan verke særs overbevisande, og innhaldet kan ofte vere godt. Men det er vanskeleg å vurdere om det vi les, er riktig, dersom vi ikkje har kunnskap sjølv om det vi les. For å orientere seg, er det viktig å vite kvar informasjonen vår kjem frå. Og i SNL veit vi at alt innhaldet er skapt av menneske med fagkunnskap.
Erik Bolstad og Knut Olav Åmås
Teksten er henta frå årsmeldinga frå 2024