I løpet av sumaren 2025 skjer det relativt store endringar i SNL-redaksjonen. Denne posten er meint som informasjon til fagansvarlege om endringar i kven som er redaktøren din.
Når du får e-post frå redaksjonen står det alltid kven som er redaktøren din nedst i e-posten.
Nye og tilbakevendande redaktørar:
- Vebjørn Granum Kjersheim (startar i juni) er historikar og vikar for historieredaktør Ida Scott. Han får ansvar for det meste av historiekategoriane.
- Trond Kjetil Høgaas (startar i juli) er òg historikar. Han får ansvar for mykje av Noregs historie, Noregs geografi og ein del NBL.
- Line Marie Berteussen kjem tilbake frå fødselspermisjon etter sumaren. Ho er lege, og har ansvar for mange av dei medisinske kategoriane saman med Selma.
- Selma Evenstad har arbeidd som illustratør i SNL. Ho er lege, og får ansvar for mange av dei medisinske kategoriane saman med Line.
- Simon Ertzeid er lege og er tilsett ut året for å arbeide med seksuell helse.
To av legane i redaksjonen sluttar. Line og Selma tek over ansvaret for kategoriane deira.
- Lege Halvard Hiiis sluttar i august.
- Lege Håvard Ringsevjen sluttar i juni.