Rekordlesing av SNL i 2024

Det er verkeleg inspirerande å sjå på lesartala for snl.no i 2024. Artiklane i leksikonet vart lesne 115,6 millionar gongar i løpet av året, noko som er ny rekord. Vi har heller aldri hatt fleire fagansvarlege (1201) eller fleire forfattarar (5523).

I 2024 hadde vi eigentleg venta nedgang i lesinga av leksikonet. Google er i ferd med å rulle ut ein ny versjon av søkjemotoren sin, der tekstar generert av kunstig intelligens vil erstatte dei tradisjonelle søkjeresultata. Dette vil gje stort fall i lesing av nettstader som SNL. Google har lagt ut den nye versjonen av søket sitt i 120 land, men den nye versjonen har ikkje kome til Europa enno.

Lesinga av Store norske leksikon auka frå 114,0 millionar sidevisningar i 2023 til 115,6 millionar sidevisningar i 2024.

I 2024 passerte vi for fyrste gong 200 000 artiklar i leksikonet. Det er ikkje eit mål for oss å ha så mange artiklar som mogleg – vi har for eksempel sletta rundt 60 000 artiklar frå det gamle papirleksikonet fordi desse artiklane ikkje var viktige nok. Men det er viktig for oss å ha artiklar om alt som er viktig, og vi arbeider for å supplere leksikonet med nye oppslagsord og artiklar kvar einaste dag. I skrivande stund står det 1697 artiklar på lista over artiklar som manglar i Store norske leksikon.

Vi oppdaterte nesten 49 000 artiklar i 2024. Det var 17 prosent auke frå året før, men stor nedgang samanlikna med dei fyrste pandemiåra då vi bestemte oss for å gå gjennom kvar einaste artikkel i heile leksikonet systematisk.

Mest lesne artiklar per månad i 2024

Dei mest lesne artiklane per månad er som vanleg dominert av skuleelevar og nyheiter. På kategorinivå ser vi eit heilt anna bilete: Her er medisin absolutt mest lese, med historie og samfunnsstoff på dei neste plassane.

100 mest lesne artiklar i 2024

  1. første verdenskrig
  2. stjerneteikn
  3. narsissistisk personlighetsforstyrrelse
  4. Beauforts vindskala
  5. andre verdenskrig
  6. islam
  7. hinduisme
  8. den kalde krigen
  9. den franske revolusjon
  10. jødedom
  11. buddhisme
  12. kristendom
  13. Land i Europa
  14. periodesystemet
  15. samer
  16. den industrielle revolusjon
  17. Vietnamkrigen
  18. De ti bud
  19. Holocaust
  20. Alta-saken
  21. opplysningstiden
  22. Adolf Hitler
  23. fascisme
  24. Vidkun Quisling
  25. svartedauden
  26. elveblest
  27. nazisme
  28. Norge under andre verdenskrig
  29. Hordaland (lokalavis)
  30. fotosyntese
  31. velferdsstat
  32. Norge
  33. Norges største byer
  34. demokrati
  35. Alexander Kielland-ulykken
  36. norrøn mytologi
  37. ikkje-binær
  38. NEWS (National Early Warning Score)
  39. nervesystemet
  40. kommunisme
  41. realisme (litteratur)
  42. Romerriket
  43. Jehovas vitner
  44. norsk språkhistorie
  45. vikingtiden
  46. Ivar Aasen
  47. sionisme
  48. Henrik Ibsen
  49. samenes historie
  50. Berlinmuren
  51. borderline personlighetsforstyrrelse
  52. Fosen-saken
  53. maktfordelingsprinsippet
  54. Koreakrigen
  55. drivhuseffekten
  56. middelalderen
  57. fornorskingspolitikk
  58. tabell over store tall
  59. Sokrates
  60. nasjonalisme
  61. Versailles-traktaten
  62. modernisme (litteratur)
  63. renessansen
  64. Cubakrisen
  65. nasjonalromantikken
  66. den amerikanske uavhengighetskrigen
  67. Auschwitz
  68. parestesi
  69. den ortodokse kirke
  70. skjoldbruskkjertelen
  71. kvener
  72. terrorangrepene i Norge 22. juli 2011
  73. katt
  74. planeter
  75. danske tall
  76. NATO
  77. kortisol
  78. Terrorangrepet i USA 11. september 2001
  79. Donald Trump
  80. jul
  81. Alzheimers sykdom
  82. bærekraft
  83. samisk
  84. celleånding
  85. Martin Luther King
  86. Kristoffer Columbus
  87. neglesykdommer
  88. Buddha
  89. Den russiske revolusjon
  90. reformasjonen
  91. petekkier
  92. Jesus
  93. CRP (C-reaktivt protein)
  94. platetektonikk
  95. sikhisme
  96. D-dagen
  97. runer
  98. etikk
  99. kommuner i Norge
  100. sosialisme

Lesetips: Nokre av dei beste artiklane i leksikonet

Dette er eit lite utval av dei beste artiklane frå året som gjekk: