Vil du bli vår nye prosjekt­medarbeidar for Norsk kunstnarleksikon?

Saman med Nasjonalmuseet har vi fått tilskot frå Sparebankstiftelsen DNB til å oppdatere og kvalitetssikre dei snaut 4000 artiklane i Norsk kunstnarleksikon.

Norsk kunstnarleksikon (NKL) vart gjeve ut på papir i fire bind i åra 1982–1986 av Nasjonalgalleriet. I 2015 vart NKL publisert digitalt hos Store norske leksikon (SNL), med 3818 artiklar om norske biletkunstnarar, designarar, kunsthandverkarar og arkitektar.

Artiklane frå NKL skal no flyttast over til Store norske leksikon. Dei skal samskrivast med tilsvarande artiklar i Store norske leksikon (SNL) og Norsk biografisk leksikon (NBL). Der artiklane ikkje finst i SNL og NBL, blir dei overførte til SNL. Kvar enkelt artikkel skal redigerast og oppdaterast i samband med migreringa til SNL for å bli meir tilgjengelege og tilpassa eit digitalt format. Ved behov må artiklane supplerast med ny informasjon.

Oppdateringar vil gjerast i samarbeid med ein prosjektmedarbeidar ved Nasjonalmuseet, kuratorane i Nasjonalmuseet og redaksjonen i SNL. Nasjonalmuseets fagkuratorar vil òg bidra i skrivinga av eit utval biografiske artiklar og hjelpe prosjektmedarbeidarane med fagleg rettleiing, og dessutan lage lister over kunstnarar som det manglar omtale av i leksikonet i dag.

Les meir om jobben og send søknad på finn.no


Store norske er eit unikt kunnskapsprosjekt. Vi er eitt av få nasjonalleksikon som har klart overgangen til ein digital tidsalder med ein open publiseringsmodell og høge lesartal. Vi ynskjer å bidra til å gjere det norske internettet betre, ved å gjere kvalitetssikra kunnskap lett tilgjengeleg for folk. Vi har opp mot 3,5 millionar unike brukarar i månaden, og artiklane våre vil bli lesne rundt 116 millionar gongar i år. Mykje av innhaldet i leksikonet er no svært godt, men vi har eit stort etterslep av artiklar som burde vore mykje betre. Vil du vere med på det?

Redaksjonen sit i Grensen 3, like ved Stortorget i Oslo (vi skal flytte til ein annan stad i sentrum i løpet av 2026).

Meir om jobben

Dersom du vil setje deg inn i jobben før du søkjer, kan du:

Tips til søknaden

Desse tipsa er meint mest for deg som ikkje har søkt så mange jobbar tidlegare, og er våre beste råd for å bli synleg i søknadsbunken – både hos oss og mange andre arbeidsgjevarar.

Skriv eit søknadsbrev der du fortel om deg sjølv, kvifor du trur at du passar til stillinga, kva du kan tilføre redaksjonen og leksikonet og kvifor du har lyst til å arbeide hos oss. Dersom du har utdanning innan kunsthistorie er nok det ein fordel, men anna relevant bakgrunn kan kompensere for utdanning. Vi er særleg opptekne av språkkompetansen din, erfaring du har med tekstarbeid og digital erfaring.

Les stillingsutlysinga grundig. Les gjerne årsmeldinga vår og dei andre lenkene du finn over. Ikkje skriv den same søknaden som du har brukt andre stader tidlegare: Fortel oss kvifor du har lyst til å arbeide med Norsk kunstnarleksikon! Og ikkje bruk KI for å skrive søknaden – ingen av forfattarane våre får lov til å bruke KI, og vi vil gjerne sjå korleis du skriv på eiga hand. Gje oss gjerne også kritikk – kva tykkjer du kan bli betre?

CV-en din bør gje oversyn over yrkeserfaring, utdanning og anna relevant erfaring. Fødselsåret ditt bør også vere med. Om du har fleirkulturell bakgrunn, eller har annan kompetanse som er særleg relevant for oss, bør det gå klart fram. Om du brenn for ei spesiell sak, er det òg ein god ting å framheve.

Du treng ikkje sende oss vitnemål, attestar eller referansar i fyrste runde. Vi kjem ikkje til å ringje referansar før du har vore på intervju minst ein gong (og vi varslar deg alltid før vi ringjer til dei). Vi har ikkje offentlege søkjarlister, og namnet ditt blir ikkje publisert nokon stad.

Du er veldig velkomen til å ringje oss dersom du har spørsmål. Men ikkje ring berre for å presentere deg. Vi noterer av prinsipp ikkje ned kven som har ringd oss – for å skape like sjansar for dei som ringjer og dei som ikkje ringjer.

Tips om ting som gjer at vi hoppar over søknader: Mange skrivefeil eller dårleg språk, gjenbruk av søknader som er sendt andre stader, søknader laga med KI eller med ulike malar, søknader som manglar CV eller søknadsbrev og søknader på engelsk.

Gå til utlysinga på finn.no (det er der du skal sende inn søknaden)

Søknadsfrist: 7. oktober 2025

Halve redaksjonen