Laga av og for folk – i 120 år

Det er over tre år sidan ChatGPT vart lansert, og KI-bylgja skylde inn over oss. Store språkmodellar produserer no enorme mengder tekst. Samstundes er dei konstruerte slik at dei ikkje har eit sikkert forhold til fakta: Dei bereknar sannsynlege formuleringar – ikkje kva som er sant. Difor vil dei alltid kunne skrive ting som ikkje stemmer med verkelegheita. Ein kan ikkje fullt ut stole på språkmodellar.

Store norske leksikon er skrive av menneske, utan KI. I ei tid der mengda automatisk generert tekst aukar raskt, blir verdien av redigerte og kvalitetssikra kunnskapsbasar endå tydelegare. Anten ein treng faktasjekk eller faglege analysar, er SNL ei trygg kunnskapskjelde. Slik har det vore i over hundre år.

I år markerer vi 120-årsjubileum. Røtene går attende til 1906 og utgjevinga av Illustreret Norsk -Konversationsleksikon. Prosjektet har heile tida vore det same: å gjere påliteleg kunnskap tilgjengeleg for ålmenta. Vi står i ein tradisjon som kan førast tilbake til leksikonprosjekta i opplysingstida, der målet var folkeopplysning.

Som heildigitalt nettleksikon blir SNL brukt mykje i skule og høgare utdanning. Det siste året har òg kjennskapen auka mykje i eldre målgrupper. Samstundes bidreg fleire fagfolk enn nokon gong. Over 1300 ekspertar, forskarar og formidlarar skriv og oppdaterer artiklane våre.

For litt over eitt år sidan lanserte vi Vesle norske leksikon – kortare artiklar skrivne i eit enklare språk. Sjølv om mange trudde tilbodet fyrst og fremst var retta mot yngre lesarar, ser vi at det blir brukt breitt. Både artikkelmengda og lesinga har auka mykje sidan lanseringa. Oppstartsperioden har vore finansiert av private stiftingar og fond, og vi har førebels ikkje lukkast i å sikre fast offentleg finansiering.

Samstundes har vi opplevd ei ny utfordring: Googles -«KI-samandrag» i søkjeresultata. For fyrste gong ser vi eit markant fall i trafikk til hovudleksikonet. Vi ser òg at KI-samandrag feil-siterer, forenklar på ein måte som ikkje stemmer med artiklane våre, eller diktar opp fakta – sjølv når SNL blir oppgjeven som kjelde for dei genererte tekstane. Det gjev grunn til sterk uro.

Årets oppmoding er enkel: Klikk deg vidare til dei faktiske kjeldene. Les originalartiklane, anten hos SNL eller andre redigerte og pålitelege nettstader. Det er avgjerande for å unngå feilinformasjon – og for å sikre norsk kunnskapsberedskap i ei tid prega av automatisert tekstproduksjon.

Erik Bolstad, dagleg leiar, sjefredaktør
Knut Olav Åmås, styreleiar

Dette er innleiinga til Årsmelding 2025

Menneske og maskin i Vest-Telemark

Korleis kjenner elevane KI-revolusjonen på kroppen? SNL tok turen til skular i Vest-Telemark saman med Vest-Telemark Blad og Nynorsk kultursentrum.

Leksikonredaktørane Kjell-Olav Hovde og Vebjørn Granum Kjersheim ved Tokke skule. Foto: Drifa Gudmundsdottir/Nynorsk kultursentrum

Det går ein stor KI-revolusjon gjennom kunnskaps-Noreg. Alle freistar å navigere i ei ny tid der menneske og maskin må samarbeide på nye måtar.

Det var utgangspunktet då Nynorsk kultursentrum inviterte Store norske leksikon og Vest-Telemark Blad til å møte elevar og lærarar til en prat om kunstig intelligens og kjeldekritikk.

Kjeldekritikk i Tokke

Midt i landet, mellom steile fjellsider, ved innsjøen Bandak og det namngjetne Dalen hotell, ligg Tokke skule, som var fyrste stopp på reisa.

Ungdomsskuleelevane var ikkje vanskelege å be, sjølv om klokka var åtte om morgonen. Samtalerobotar var sjølvsagt noko dei bruka og som lærarane deira var noko fortvila over.

Eit tema me bruker tid på er å syne korleis Googles KI-genererte svar utfordrar korleis me finn fram til påliteleg kunnskap. Sjølv om Google viser SNL som kjelde, er det ikkje nokon garanti for at innhaldet stemmer eller at SNL seier det Google seier. Ein av elevane rekte opp handa og fortalte om eit slikt døme frå ChatGPT. Han hadde vore på klassetur til Auschwitz, og då han søkte etter kjelder til ei oppgåve, fekk han opplysningar og «fakta» som ikkje stemde. Han hadde jo vore der og visste betre. Moralen var at samtalerobotane ofte gav gode svar, men ein kan ikkje stole heilt og fullt på KI-tekst utan å drive solid kjeldekritikk.

Foto: Kjell-Olav Hovde/Store norske leksikon

Kva kan maskina og kva kan du?

Turen gjekk vidare til Vest-Telemark vgs, og her hadde me eit felles opplegg med Vest-Telemark Blad. Eit tema som går igjen er kva robotane er gode på, og kva menneska gjer best sjølv.

Vest-Telemark Blad nyttar KI til å gjennomgå dokument. For ei lokalavis som dekker seks kommunar, kan KI-språkmodellar spare journalistane for mykje tid og leiting. Då kan dei bruke meir tid på menneskemøte,  ta pulsen på lokalsamfunnet og vite kva dei politiske vedtaka har å seie for dei som bur der.

Leksikonet er òg tydelege på kva me nyttar KI til. Det er forbode å klippe inn tekst frå samtalerobotar. Dei kan fort rote med fakta, og for leksikonet er presisjon viktig. Det er òg eit poeng at Noreg treng gode tekstbasar skrivne av menneske. Men dei som skriv blir samstundes oppmoda til å nytte KI til å finne feil og foreslå forbetringar når dei arbeider med artiklar. KI kan vere eit godt verktøy om det nyttast rett.

Vinjesenteret

Initiativtakaren til turneen var Nynorsk kultursentrum som er medlemsorganisasjon i Store norske leksikon. Dei gjer sjølv en god del av det omsetjingsarbeidet i leksikonet som gjer at SNL kan kalle seg eit tospråkleg verk. Men denne kvelden var det SNL som var på besøk i Vinjesenteret, og publikum var no vaksne. Det er tydeleg at temaet engasjerer breitt! Ikkje minst er det kjekt å vitje lesarar som byr opp til utforskande diskusjonar og som hugsar då SNL var papirleksikon, men som har blitt med over til nettleksikonet.

På glatta i Seljord

Dagen etter fall temperaturen og isen låg som ein film over bilen. Etter ein glatt køyretur kom dei fleste elevane på plass til klokka ringde inn.

Når me reiser rundt på skular er det særskilt eitt eksempel på mangelfull kjeldekritikk som set ein støkk i elevar og lærarar. Det er saka der politikarar og byåråkratar i Troms kommune nytta ChatGPT for å finne kjelder som kunne støtte synet om å leggje ned skular. Intensjonen var nok å bruke kjelder. Det var berre det at ChatGPT dikta opp flesteparten av dei. Lærdomen er at ein må sjekke kjeldene.

Foto: Vebjørn Granum Kjersheim/Store norske leksikon

Kviteseid

Me snirkla vidare på glatta ned bakkane til Kviteseid og Kvitsund Gymnas.

Som ein del av opplegget har me ein workshop der elevane jobbar i grupper for å diskutere fordelane, ulempene, kven som har ansvar når ein nyttar KI, og korleis dei tenkjer me vil nytte KI i framtida. Kan KI vere til hjelp, eller er det berre til hinder, i kjeldekritikken? Elevane reflekterer spørsmåla, kjeldekritikk, behovet for regulering som kan trygge personvern, verdiar og andre rettar. Me vonar det lovar godt for framtida.

Me takkar Nynorsk kultursentrum og Drifa Gudmundsdottir for invitasjon, godt samarbeid og solid planlegging av foredragsrekka. Takk til journalistane i VTB. Og takk til alle de fine folka i Vest-Telemark, for interessante samtalar om robotar og for gode menneskemøte!

Me kjem gjerne attende

Kjell-Olav Hovde og Vebjørn Granum Kjersheim, redaktørar i Store norske leksikon

Krim, Krym, Kyiv og andre stadnamn i Ukraina

SNL brukar skrivemåten Krim om halvøya i Ukraina som har vore okkupert av Russland sidan 2014. Vi får av og til spørsmål om kvifor vi skriver Krim, og ikke brukar det ukrainske namnet Krym. Her er ei forklaring.

Kort oppsummert: Vi ser på skrivemåten Krim som det norske namnet på halvøya. Sidan det er eit etablert norsk namn for området, brukar vi dette framfor det ukrainske eller russiske namnet Krym.

På ukrainsk heiter halvøya Крим. På russisk er namnet Крым. Både ukrainsk og russisk blir skrive med det kyrilliske alfabetet, og det er faste reglar for korleis namna skal «omsetjast» (transkriberast) frå ukrainsk/russisk til norsk. Den noverande offisielle norske transkripsjonen frå både ukrainsk og russisk til norsk er Krym. Eldre transkripsjonsreglar har gjeve Krim, men vi ser likevel på Krim som eit etablert norsk namn på halvøya.

Endonym og eksonym

Eit endonym er ei namneform som er lik den som blir brukt i landet ein stad ligg i. Eit eksonym er ei namneform som er ulik den som blir brukt i landet ein stad ligg i.

Engelsk Venice, tysk/dansk/svensk Venedig, islandsk Feneyjar («sumpøyane») er eksempel på eksonym. Det italienske og norske namnet Venezia er eit endonym.

Mange trur at vi har som hovudprinsipp å berre bruke endonym på norsk, medan det er vanlegare med eksonym på for eksempel svensk, dansk, tysk og engelsk. Det er berre delvis sant: For byar brukar vi på norsk ofte det endonyme namnet, men for land, større område og regionar er biletet langt meir variert:

  • For land har vi i hovudsak norske eksonym, for eksempel Ukraina, Russland, Tyskland, Østerrike og Sveits.
  • For byar brukar vi endonym, for eksempel Odesa, Moskva, Venezia, Firenze og München.
  • For regionar og område er det ei blanding, der tradisjon og bruk ofte veg tyngre enn streng endonymi – særleg for historiske regions- og landskapsnamn. Nokre døme er Krim, Flandern, Catalonia og Böhmen.
  • For naturobjekt er det òg ei blanding, for eksempel er Alpane, Rhinen og Themsen etablerte norske namn som avviker frå dei endonyme formene.

Bynamn i Ukraina

For alle byar i Ukraina brukar vi transkripsjon frå ukrainsk; med unntak for Kyiv (sjå nedanfor), der Språkrådet har tilrådd å bruke den engelske transkripsjonen på norsk.

Kyiv

Kyiv har namn etter den mytologiske segnfiguren Kyj, og namnet betyr truleg Kyjs by. På norrønt heitte byen Kǽnugarðr.

På ukrainsk heiter byen Київ og på russisk Киев. Transkripsjonen («omsetjinga») av bynamnet frå kyrilliske til latinske bokstavar har vore omstridd sidan den russiske invasjonen av Ukraina i 2014. Forma Kiev var den etablerte internasjonale latinske forma, brukt både om russisk Киев og ukrainsk Київ, etter eldre transkripsjonspraksis. Ukrainske styresmakter har bede om at transkripsjonen deira frå kyrilliske til latinske bokstavar skal brukast på engelsk. Dette ynsket, samt kampanjen #KyivNotKiev frå det ukrainske utanriksdepartementet i 2018 og støtte til Ukraina har påverka praksisen i andre språk.

Den offisielle ukrainske transkripsjonen til engelsk vart i 1995 endra til Kyiv (før det var Kiev vanleg), medan den internasjonale ISO-standarden ISO 9 frå same år gjev Kiev. Norsk har eigne transkripsjonsreglar frå ukrainsk tilpassa norsk uttale, som ikkje er lik den engelske transkripsjonen.

Transkripsjon av namnet:

  • På ukrainsk heiter byen Київ, som etter dagens norske transkripsjonsreglar frå ukrainsk blir Kyjiv. Vanleg engelsk transkripsjon er no Kyiv; svensk og dansk transkripsjon er som norsk Kyjiv, tysk transkripsjon er Kyjiw.
  • På russisk heiter byen Киев, som etter norske transkripsjonsreglar frå russisk blir Kijev. Engelsk transkripsjon blir Kiev; svensk og dansk transkripsjon er som norsk Kijev, tysk transkripsjon er Kijew.

På norsk er altså verken Kiev eller Kyiv russisk eller ukrainsk transkripsjon. Skrivemåten Kiev var lenge dominerande i Noreg til liks med ei rekkje andre russiske namn på ukrainske byar (som Kharkov for Kharkiv, Odessa for Odesa). Språkrådet tilrår frå 2022 å bruke skrivemåten Kyiv, som er den engelske transkripsjonen av namnet.

Sett i ettertid er det lett å forstå at Språkrådet landa på Kyiv: I 2022 var det mange som kjende at det var naudsynt å markere støtte til Ukraina, mellom anna gjennom kva namn ein brukar om ukrainske byar. Då tok mange i bruk den engelske skrivemåten, av mangel på betre alternativ. Men det framstår som uheldig at vi brukar den engelske transkripsjonen i norsk.

Det kyivske riket

Det kyivske riket var ein tidleg austslavisk statsdanning med Kyiv i noverande Ukraina som maktsentrum. I norrøn sagalitteratur er riket kalla Gardarike, i moderne tid blir statsdanninga omtalt som mellom anna Kyivriket, Kievriket, Kyiv-Rus og Kiev-Rus. Både Belarus, Ukraina og Russland fører historia si tilbake hit.

Tidlegare vart dette riket omtalt som Kievriket i Store norske leksikon og så og seie all annan faglitteratur. På engelsk blir denne statsdanninga i dag som regel kalla Kyivan Rus.

Rus var opphavleg namnet på ei befolkningsgruppe av svensk herkomst, som hadde slått seg ned søraust for Ladogasjøen og dreiv med handel og plyndringstokt langs elvane. Opphavet til namnet rus er omstridd i forskinga. Mest sannsynleg stammar det frå det finske namnet på Sverige: Ruotsi.

I norsk faglitteratur i dag er det stor variasjon i kva dette området blir kalla. Nokre held på det tidlegare norske namnet Kievriket, andre har teke i bruk Kyivriket, men dei fleste brukar nok variantar av det engelske namnet og skriv Kyiv-Rus eller liknande.

Då redaksjonen i SNL diskuterte kva namn vi ville bruke om denne statsdanninga tykte vi at alternativ som «Kyiv-Rus» og «Kyivske Rus» var lite klårgjerande for lesarane. Vi såg ikkje nokon spesiell grunn til å bruke «Rus» som del av namnet, når «-riket» allereie var godt innarbeidd. Vi landa difor på å omtale statsdanninga som Det kyivske riket, for å understreke at det var byen Kyiv som var maktsenteret i riket (på same måte som for namna Romerriket etter Roma, og Det moskovittiske riket etter Moskva).

Oppsummert

SNL brukar norske namn der dette finst, for eksempel for områdenamna Krim og Det kyivske riket. Der det ikkje finst norske namn, transkriberer vi frå ukrainsk til norsk. Vi forsøker å så stor grad som mogleg å unngå engelske namn eller anglisismar, med unntak for byen Kyiv.