SNL brukar skrivemåten Krim om halvøya i Ukraina som har vore okkupert av Russland sidan 2014. Vi får av og til spørsmål om kvifor vi skriver Krim, og ikke brukar det ukrainske namnet Krym. Her er ei forklaring.
Kort oppsummert: Vi ser på skrivemåten Krim som det norske namnet på halvøya. Sidan det er eit etablert norsk namn for området, brukar vi dette framfor det ukrainske eller russiske namnet Krym.
På ukrainsk heiter halvøya Крим. På russisk er namnet Крым. Både ukrainsk og russisk blir skrive med det kyrilliske alfabetet, og det er faste reglar for korleis namna skal «omsetjast» (transkriberast) frå ukrainsk/russisk til norsk. Den noverande offisielle norske transkripsjonen frå både ukrainsk og russisk til norsk er Krym. Eldre transkripsjonsreglar har gjeve Krim, men vi ser likevel på Krim som eit etablert norsk namn på halvøya.
Endonym og eksonym
Eit endonym er ei namneform som er lik den som blir brukt i landet ein stad ligg i. Eit eksonym er ei namneform som er ulik den som blir brukt i landet ein stad ligg i.
Engelsk Venice, tysk/dansk/svensk Venedig, islandsk Feneyjar («sumpøyane») er eksempel på eksonym. Det italienske og norske namnet Venezia er eit endonym.
Mange trur at vi har som hovudprinsipp å berre bruke endonym på norsk, medan det er vanlegare med eksonym på for eksempel svensk, dansk, tysk og engelsk. Det er berre delvis sant: For byar brukar vi på norsk ofte det endonyme namnet, men for land, større område og regionar er biletet langt meir variert:
- For land har vi i hovudsak norske eksonym, for eksempel Ukraina, Russland, Tyskland, Østerrike og Sveits.
- For byar brukar vi endonym, for eksempel Odesa, Moskva, Venezia, Firenze og München.
- For regionar og område er det ei blanding, der tradisjon og bruk ofte veg tyngre enn streng endonymi – særleg for historiske regions- og landskapsnamn. Nokre døme er Krim, Flandern, Catalonia og Böhmen.
- For naturobjekt er det òg ei blanding, for eksempel er Alpane, Rhinen og Themsen etablerte norske namn som avviker frå dei endonyme formene.
Bynamn i Ukraina
For alle byar i Ukraina brukar vi transkripsjon frå ukrainsk; med unntak for Kyiv (sjå nedanfor), der Språkrådet har tilrådd å bruke den engelske transkripsjonen på norsk.
Kyiv
Kyiv har namn etter den mytologiske segnfiguren Kyj, og namnet betyr truleg Kyjs by. På norrønt heitte byen Kǽnugarðr.
På ukrainsk heiter byen Київ og på russisk Киев. Transkripsjonen («omsetjinga») av bynamnet frå kyrilliske til latinske bokstavar har vore omstridd sidan den russiske invasjonen av Ukraina i 2014. Forma Kiev var den etablerte internasjonale latinske forma, brukt både om russisk Киев og ukrainsk Київ, etter eldre transkripsjonspraksis. Ukrainske styresmakter har bede om at transkripsjonen deira frå kyrilliske til latinske bokstavar skal brukast på engelsk. Dette ynsket, samt kampanjen #KyivNotKiev frå det ukrainske utanriksdepartementet i 2018 og støtte til Ukraina har påverka praksisen i andre språk.
Den offisielle ukrainske transkripsjonen til engelsk vart i 1995 endra til Kyiv (før det var Kiev vanleg), medan den internasjonale ISO-standarden ISO 9 frå same år gjev Kiev. Norsk har eigne transkripsjonsreglar frå ukrainsk tilpassa norsk uttale, som ikkje er lik den engelske transkripsjonen.
Transkripsjon av namnet:
- På ukrainsk heiter byen Київ, som etter dagens norske transkripsjonsreglar frå ukrainsk blir Kyjiv. Vanleg engelsk transkripsjon er no Kyiv; svensk og dansk transkripsjon er som norsk Kyjiv, tysk transkripsjon er Kyjiw.
- På russisk heiter byen Киев, som etter norske transkripsjonsreglar frå russisk blir Kijev. Engelsk transkripsjon blir Kiev; svensk og dansk transkripsjon er som norsk Kijev, tysk transkripsjon er Kijew.
På norsk er altså verken Kiev eller Kyiv russisk eller ukrainsk transkripsjon. Skrivemåten Kiev var lenge dominerande i Noreg til liks med ei rekkje andre russiske namn på ukrainske byar (som Kharkov for Kharkiv, Odessa for Odesa). Språkrådet tilrår frå 2022 å bruke skrivemåten Kyiv, som er den engelske transkripsjonen av namnet.
Sett i ettertid er det lett å forstå at Språkrådet landa på Kyiv: I 2022 var det mange som kjende at det var naudsynt å markere støtte til Ukraina, mellom anna gjennom kva namn ein brukar om ukrainske byar. Då tok mange i bruk den engelske skrivemåten, av mangel på betre alternativ. Men det framstår som uheldig at vi brukar den engelske transkripsjonen i norsk.
Det kyivske riket
Det kyivske riket var ein tidleg austslavisk statsdanning med Kyiv i noverande Ukraina som maktsentrum. I norrøn sagalitteratur er riket kalla Gardarike, i moderne tid blir statsdanninga omtalt som mellom anna Kyivriket, Kievriket, Kyiv-Rus og Kiev-Rus. Både Belarus, Ukraina og Russland fører historia si tilbake hit.
Tidlegare vart dette riket omtalt som Kievriket i Store norske leksikon og så og seie all annan faglitteratur. På engelsk blir denne statsdanninga i dag som regel kalla Kyivan Rus.
Rus var opphavleg namnet på ei befolkningsgruppe av svensk herkomst, som hadde slått seg ned søraust for Ladogasjøen og dreiv med handel og plyndringstokt langs elvane. Opphavet til namnet rus er omstridd i forskinga. Mest sannsynleg stammar det frå det finske namnet på Sverige: Ruotsi.
I norsk faglitteratur i dag er det stor variasjon i kva dette området blir kalla. Nokre held på det tidlegare norske namnet Kievriket, andre har teke i bruk Kyivriket, men dei fleste brukar nok variantar av det engelske namnet og skriv Kyiv-Rus eller liknande.
Då redaksjonen i SNL diskuterte kva namn vi ville bruke om denne statsdanninga tykte vi at alternativ som «Kyiv-Rus» og «Kyivske Rus» var lite klårgjerande for lesarane. Vi såg ikkje nokon spesiell grunn til å bruke «Rus» som del av namnet, når «-riket» allereie var godt innarbeidd. Vi landa difor på å omtale statsdanninga som Det kyivske riket, for å understreke at det var byen Kyiv som var maktsenteret i riket (på same måte som for namna Romerriket etter Roma, og Det moskovittiske riket etter Moskva).
Oppsummert
SNL brukar norske namn der dette finst, for eksempel for områdenamna Krim og Det kyivske riket. Der det ikkje finst norske namn, transkriberer vi frå ukrainsk til norsk. Vi forsøker å så stor grad som mogleg å unngå engelske namn eller anglisismar, med unntak for byen Kyiv.