Korleis kjenner elevane KI-revolusjonen på kroppen? SNL tok turen til skular i Vest-Telemark saman med Vest-Telemark Blad og Nynorsk kultursentrum.

Det går ein stor KI-revolusjon gjennom kunnskaps-Noreg. Alle freistar å navigere i ei ny tid der menneske og maskin må samarbeide på nye måtar.
Det var utgangspunktet då Nynorsk kultursentrum inviterte Store norske leksikon og Vest-Telemark Blad til å møte elevar og lærarar til en prat om kunstig intelligens og kjeldekritikk.
Kjeldekritikk i Tokke
Midt i landet, mellom steile fjellsider, ved innsjøen Bandak og det namngjetne Dalen hotell, ligg Tokke skule, som var fyrste stopp på reisa.
Ungdomsskuleelevane var ikkje vanskelege å be, sjølv om klokka var åtte om morgonen. Samtalerobotar var sjølvsagt noko dei bruka og som lærarane deira var noko fortvila over.
Eit tema me bruker tid på er å syne korleis Googles KI-genererte svar utfordrar korleis me finn fram til påliteleg kunnskap. Sjølv om Google viser SNL som kjelde, er det ikkje nokon garanti for at innhaldet stemmer eller at SNL seier det Google seier. Ein av elevane rekte opp handa og fortalte om eit slikt døme frå ChatGPT. Han hadde vore på klassetur til Auschwitz, og då han søkte etter kjelder til ei oppgåve, fekk han opplysningar og «fakta» som ikkje stemde. Han hadde jo vore der og visste betre. Moralen var at samtalerobotane ofte gav gode svar, men ein kan ikkje stole heilt og fullt på KI-tekst utan å drive solid kjeldekritikk.

Kva kan maskina og kva kan du?
Turen gjekk vidare til Vest-Telemark vgs, og her hadde me eit felles opplegg med Vest-Telemark Blad. Eit tema som går igjen er kva robotane er gode på, og kva menneska gjer best sjølv.
Vest-Telemark Blad nyttar KI til å gjennomgå dokument. For ei lokalavis som dekker seks kommunar, kan KI-språkmodellar spare journalistane for mykje tid og leiting. Då kan dei bruke meir tid på menneskemøte, ta pulsen på lokalsamfunnet og vite kva dei politiske vedtaka har å seie for dei som bur der.
Leksikonet er òg tydelege på kva me nyttar KI til. Det er forbode å klippe inn tekst frå samtalerobotar. Dei kan fort rote med fakta, og for leksikonet er presisjon viktig. Det er òg eit poeng at Noreg treng gode tekstbasar skrivne av menneske. Men dei som skriv blir samstundes oppmoda til å nytte KI til å finne feil og foreslå forbetringar når dei arbeider med artiklar. KI kan vere eit godt verktøy om det nyttast rett.
Vinjesenteret
Initiativtakaren til turneen var Nynorsk kultursentrum som er medlemsorganisasjon i Store norske leksikon. Dei gjer sjølv en god del av det omsetjingsarbeidet i leksikonet som gjer at SNL kan kalle seg eit tospråkleg verk. Men denne kvelden var det SNL som var på besøk i Vinjesenteret, og publikum var no vaksne. Det er tydeleg at temaet engasjerer breitt! Ikkje minst er det kjekt å vitje lesarar som byr opp til utforskande diskusjonar og som hugsar då SNL var papirleksikon, men som har blitt med over til nettleksikonet.
På glatta i Seljord
Dagen etter fall temperaturen og isen låg som ein film over bilen. Etter ein glatt køyretur kom dei fleste elevane på plass til klokka ringde inn.
Når me reiser rundt på skular er det særskilt eitt eksempel på mangelfull kjeldekritikk som set ein støkk i elevar og lærarar. Det er saka der politikarar og byåråkratar i Troms kommune nytta ChatGPT for å finne kjelder som kunne støtte synet om å leggje ned skular. Intensjonen var nok å bruke kjelder. Det var berre det at ChatGPT dikta opp flesteparten av dei. Lærdomen er at ein må sjekke kjeldene.

Kviteseid
Me snirkla vidare på glatta ned bakkane til Kviteseid og Kvitsund Gymnas.
Som ein del av opplegget har me ein workshop der elevane jobbar i grupper for å diskutere fordelane, ulempene, kven som har ansvar når ein nyttar KI, og korleis dei tenkjer me vil nytte KI i framtida. Kan KI vere til hjelp, eller er det berre til hinder, i kjeldekritikken? Elevane reflekterer spørsmåla, kjeldekritikk, behovet for regulering som kan trygge personvern, verdiar og andre rettar. Me vonar det lovar godt for framtida.
Me takkar Nynorsk kultursentrum og Drifa Gudmundsdottir for invitasjon, godt samarbeid og solid planlegging av foredragsrekka. Takk til journalistane i VTB. Og takk til alle de fine folka i Vest-Telemark, for interessante samtalar om robotar og for gode menneskemøte!
Me kjem gjerne attende
Kjell-Olav Hovde og Vebjørn Granum Kjersheim, redaktørar i Store norske leksikon