Eksamen i norsk hovudmål var 31. mai, og statistikken til Store norske leksikon eksploderte. Her er ein liten titt på kva som vart mest søkt etter og lese.
Før eksamen i år laga vi ein spesialversjon av leksikonet for bruk under eksamen. I denne versjonen var det umogleg å sende meldingar til andre brukarar. Det gjorde at skulane kunne opne for bruk av Store norske leksikon under eksamen, sidan det vart sperra for eventuell kommunikasjon mellom elevane gjennom meldingssystemet i leksikonet.
I går la vi ut ein video som illustrerte servartrafikken i leksikonet medan hovudmålseksamen pågjekk. 20 000 spørjingar i minuttet og over ein million i timen er høge tal! Og dessutan er det pent å sjå på:
Krig og forfattarar
Det er to tema som peikar seg ut veldig i statistikken over dei mest leste artiklane i går: Krig og forfattarar.
Dei som lagar eksamensoppgåvene legg vekt på også å ha med tema som elevane ikkje kan slå opp direkte i oppslagsverk for å få hjelp til. Det er lett å sjå for seg desperasjonen til nokre av elevane om ein studerer søkjeloggen til Store norske leksikon i går.
Søkjeloggen inneheld berre søk som ikkje blir fanga opp av autocompleten vår. Når ein startar å skrive føreslår vi artiklar som kan passe, lista nedanfor viser ting som ikkje vart fanga opp av dette.
Kort oppsummert lurte elevane veldig på kven Jakob Arvola er, kva i all verda ei appellform er, og så kom det ein og annan slengar som jakta på info om vedhogging.
I Aftenposten i går omtales Jarlsberg-striden mellom Tine og Synnøve Finden. Det går fram at Tine-ansatte har endret oppføringene om Jarlsberg i Wikipedia, og at Tine «har sendt brev og endret Store norske leksikon denne uken.»
Store norske leksikon er et fagredigert leksikon, og verken Tine eller andre kan endre oppføringene i leksikonet uten at dette godkjennes av en av de fagansvarlige. I Wikipedia kan hvem som helst oppdatere artiklene. De fagansvarlige i Store norske er håndplukkede eksperter innenfor sine fagfelt; de fleste av dem er tilknyttet universitetene.
Artikkelen om osten Jarlsberg i Store norske har blitt oppdatert og utvidet den siste uka. Det var naturlig å omtale striden mellom Tine og Synnøve Finden, og i den sammenheng er også varemerkeregistreringen omtalt.
Tine kontaktet redaksjonen i Store norske leksikon i forrige uke og ba om at artikkelen om Jarlsberg-ost i Store norske skulle endres. De ønsket blant annet at tittelen skulle endres fra «Jarlsberg – ost», til «Jarlsberg®». Ønsket ble avvist av redaksjonen.
Store norske leksikon er Norges største nettsted for forskningsformidling. I underkant av 2 millioner unike brukere leser artikler i leksikonet hver måned. Innholdet oppdateres og kvalitetssjekkes av 550 fagansvarlige. Hvem som helst kan foreslå endringer i artiklene, men endringene blir alltid godkjent av en fagansvarlig før publisering.
Topplistene til Store norske leksikon for 2015 er dominert av religion, krig og konflikt + flyktningar og kommunevalet. Her er eit djupdykk i listene.
Store norske leksikon har 185 000 artiklar, fordelt på 3700 kategoriar. Desse artiklane vart lese 52 millionar gongar i 2015.
Dei 50 mest leste artiklane vart lese til saman 2,5 millionar gongar. Det betyr at topp 50 berre står for 5 prosent av dei totale lesartala, og at det er stor spreiing i kva som faktisk blir lese i leksikonet. Nesten alle 185 000 artiklar har blitt lese i året som gjekk, det er berre 4000 artiklar som ikkje har hatt ein einaste lesar.
Humaniora høgt oppe på artikkeltoppen, realfaga store i sum
Om vi ser på artiklane gruppert etter kategori får vi eit anna bilete; då er realfaga mykje større.
I boblegrafen nedanfor ser du kategoriane i leksikonet. Boblane varierer i storleik etter kor mange artiklar som har blitt lese i året som gjekk.
Mest leste hovudkategoriar
Store norske leksikon er delt inn i 3700 ulike kategoriar. Kategoriane er eit hierarki, i stolpegrafen nedanfor ser du kor mange gongar artiklane i dei ulike hovudkategoriane er lese.
Medisin er svært dominerande, sjølv om få av artiklane er inne på topp 50-lista. Lesinga er fordelt på svært mange av dei 17 000 artiklane i kategorien, f.eks. artrose (lese 71 000 gongar), bukspyttkjertelen (46 000) og diabetes (37 000).
Når vi hoppar ned til den tredje mest leste hovudkategorien kjem ein del overraskingar fram. Samla er desse 13 000 artiklane lese 5 millionar gongar i 2015, og lesinga er spreidd godt ut over dei 13 000 artiklane i kategorien. Dei mest leste artiklane er velferdsstat (!), ytringsfridom og parlamentarisme.
Tal leste artiklar per kategori i Store norske leksikon i 2015. Kjelde: Google Analytics.
Den verkeleg tabellinteresserte kan grave seg ned i detaljane i tabellen under. Her ser du også kor mange artiklar vi har per kategori.