Årsmeldingane til Store norske leksikon er ei årleg oppsummering av kva leksikonet er, kva vi har prioritert og kjem til å prioritere, lesartal og samfunnsoppdrag.
No er vi akkurat ferdige med årsmeldinga for 2024. Ta ein titt!

Årsmeldingane til Store norske leksikon er ei årleg oppsummering av kva leksikonet er, kva vi har prioritert og kjem til å prioritere, lesartal og samfunnsoppdrag.
No er vi akkurat ferdige med årsmeldinga for 2024. Ta ein titt!

Lesekunne er den vanlegaste omsetjinga av det engelske ordet literacy. Mange tenkjer nok at ordet dekkjer sjølve evna til å lese bokstavar og setje dei saman til ord. Men lesekunne handlar om mykje meir. For faktisk å forstå tekst vi les og ta til oss kunnskap, held det ikkje med ABC. Vi treng kunnskap for å ta til oss ny kunnskap, vi treng etablerte fakta som vi kan samanlikne nye idear med, og vi treng eit grunnlag å byggje ny innsikt på. Utan ein basis av kunnskap som vi forstår, er det nær umogleg å tenkje nye tankar.
Det har aldri eksistert så mykje tilgjengeleg kunnskap i verda som i dag. Men det er ofte eit stort gap mellom kva ein er i stand til å ta til seg og kva ein treng å setje seg inn i. For nokre er det språket som er barrieren – eit komplekst språk kan vere ugjennomtrengeleg for ein som ikkje er fagperson, og for dei mange som har lese- og skrivevanskar, er det enda meir krevjande. For andre er det manglande kunnskap som står i vegen; ny forsking byggjer på avansert kunnskap, og rapportar er oftast skrivne av fagfolk for andre fagfolk.
Kritisk tenking er viktigare enn nokonsinne. Barn og unge er særleg utsette for «fakta» som er manipulerte eller direkte falske. Populistisk propaganda er ofte skriven i eit enkelt språk og skildrar eit sterkt forenkla og forvridd verdsbilde. Og når konspirasjonsteoriar og falske fakta først har sett seg, kan det vere vanskeleg å drive dei ut att.
Det å gje folk pålitelege fakta i eit språk dei forstår er den beste måten å «vaksinere» dei mot manipulering og falske fakta. Store norske og Vesle norske leksikon har ei særs viktig rolle som brubyggjar mellom fagmiljøa og befolkninga. Innhald som er skrive av dei fremste ekspertane på sine felt, og som er tilpassa av redaksjonen for å vere tilgjengeleg for dei som treng å forstå, er eit av dei beste forsvarsverka for vitskap og kritisk tenking.
Stadig meir av det tekstlege innhaldet vi møter, er generert av ulike KI-modellar. Språket og framlegginga kan verke særs overbevisande, og innhaldet kan ofte vere godt. Men det er vanskeleg å vurdere om det vi les, er riktig, dersom vi ikkje har kunnskap sjølv om det vi les. For å orientere seg, er det viktig å vite kvar informasjonen vår kjem frå. Og i SNL veit vi at alt innhaldet er skapt av menneske med fagkunnskap.
Erik Bolstad og Knut Olav Åmås
Teksten er henta frå årsmeldinga frå 2024
Det er verkeleg inspirerande å sjå på lesartala for snl.no i 2024. Artiklane i leksikonet vart lesne 115,6 millionar gongar i løpet av året, noko som er ny rekord. Vi har heller aldri hatt fleire fagansvarlege (1201) eller fleire forfattarar (5523).
I 2024 hadde vi eigentleg venta nedgang i lesinga av leksikonet. Google er i ferd med å rulle ut ein ny versjon av søkjemotoren sin, der tekstar generert av kunstig intelligens vil erstatte dei tradisjonelle søkjeresultata. Dette vil gje stort fall i lesing av nettstader som SNL. Google har lagt ut den nye versjonen av søket sitt i 120 land, men den nye versjonen har ikkje kome til Europa enno.
Lesinga av Store norske leksikon auka frå 114,0 millionar sidevisningar i 2023 til 115,6 millionar sidevisningar i 2024.

I 2024 passerte vi for fyrste gong 200 000 artiklar i leksikonet. Det er ikkje eit mål for oss å ha så mange artiklar som mogleg – vi har for eksempel sletta rundt 60 000 artiklar frå det gamle papirleksikonet fordi desse artiklane ikkje var viktige nok. Men det er viktig for oss å ha artiklar om alt som er viktig, og vi arbeider for å supplere leksikonet med nye oppslagsord og artiklar kvar einaste dag. I skrivande stund står det 1697 artiklar på lista over artiklar som manglar i Store norske leksikon.
Vi oppdaterte nesten 49 000 artiklar i 2024. Det var 17 prosent auke frå året før, men stor nedgang samanlikna med dei fyrste pandemiåra då vi bestemte oss for å gå gjennom kvar einaste artikkel i heile leksikonet systematisk.

Dei mest lesne artiklane per månad er som vanleg dominert av skuleelevar og nyheiter. På kategorinivå ser vi eit heilt anna bilete: Her er medisin absolutt mest lese, med historie og samfunnsstoff på dei neste plassane.
Dette er eit lite utval av dei beste artiklane frå året som gjekk:
For nokre veker sidan lyste vi ut stilling som redaktør med ansvar for økonomi, og no har vi fått ein stor og fin søknadsbunke å lese oss gjennom!
Det kom 37 søknader til den ledige stillinga, og det er veldig mange gode folk i bunken! Det er verkeleg hyggeleg å lese alle dei gode søknadene.
Alle søkjarane fekk e-post med stadfesting om at søknaden er motteke 31. oktober. Dersom du har søkt og ikkje fått e-post frå oss kan du ta kontakt med redaksjonen@snl.no.
Det vil ta litt tid å lese gjennom søknadene, men vi reknar med å kalle inn dei fyrste til intervju i neste veke. I løpet av november og desember håpar vi annonsere kven som skal bli med og ta Store norske leksikon til nye høgder!
Store norske leksikon har plass til ein ny person i redaksjonen: Ein redaktør med ansvar for fagområdet økonomi. Vi ser etter ein kunnskapsrik og ambisiøs person som brenn for kunnskapsformidling, diggar leksikon (og som er hyggeleg å spise lunsj med 🙂 ).
Fagområdet økonomi i SNL treng eit løft. Dei siste åra har vi arbeidd oss gjennom prioriterte kategoriar i leksikonet og heva kvaliteten på innhaldet betrakteleg. Eksempel på slike satsingar er medisinstoffet (som no er lese 19 millionar gongar i året!) og juss (som har tredobla lesartal etter at vi starta satsinga). No er tida komen for å røske litt skikkeleg i økonomistoffet vårt.

Store norske er eit unikt kunnskapsprosjekt. Vi er eitt av få nasjonalleksikon som har klart overgangen til ein digital tidsalder med ein open publiseringsmodell og høge lesartal. Vi ynskjer å bidra til å gjere det norske internettet betre, ved å gjere kvalitetssikra kunnskap lett tilgjengeleg for folk. Vi har opp mot 3,5 millionar unike brukarar i månaden, og artiklane våre vil bli lesne rundt 115 millionar gongar i år. Mykje av innhaldet i leksikonet er no svært godt, men vi har eit stort etterslep av artiklar som burde vore mykje betre. Vil du vere med på det?
Det er ingen i den faste redaksjonen som skriv artiklane i leksikonet. Vi er arbeidsleiarar, redigerarar og inspiratørar for 1200 fagansvarlege og forfattarar.
Redaksjonen sit i Grensen 3, like ved Stortorget i Oslo. Vi har ikkje ope landskap, men 2-6 personar på kvart kontor; det er sosialt og hyggeleg, men likevel roleg nok til konsentrasjon. Vi reiser relativt mykje – mest til universiteta for å møte fagansvarlege, men også til utlandet for å møte kollegaer. Redaktørane har stor fridom i arbeidskvardagen.
Skriv eit søknadsbrev der du fortel om deg sjølv, kvifor du trur at du passar til stillinga, kva du kan tilføre redaksjonen og leksikonet og kvifor du har lyst til å arbeide hos oss. Dersom du har utdanning i økonomi eller samfunnsøkonomi er nok det ein fordel, men anna relevant bakgrunn kan kompensere for utdanning. Vi er særleg opptekne av språkkompetansen din, erfaring du har med tekstarbeid og digital erfaring.
Les stillingsutlysinga grundig. Les årsmeldinga vår og dei andre lenkene du finn over. Ikkje skriv den same søknaden som du har brukt andre stader tidlegare: Fortel oss kvifor du har lyst til å arbeide i leksikonet! Gje oss gjerne også kritikk – kva tykkjer du kan bli betre?
CV-en din bør gje oversyn over yrkeserfaring, utdanning og anna relevant erfaring, og fødselsåret ditt må vere med. Skriv om språk du kan (særleg bokmål og nynorsk). Om du har fleirkulturell bakgrunn, eller har annan kompetanse som er særleg relevant for oss, bør det gå klart fram. Om du brenn for ei spesiell sak, er det òg ein god ting å framheve.
Du treng ikkje sende oss vitnemål eller attestar i fyrste runde, men legg gjerne ved eksempel på formidlingsarbeid du har gjort. Vi kjem heller ikkje til å sjekke referansar før du har vore på intervju minst ein gong. Vi har ikkje offentlege søkjarlister, og namnet ditt blir ikkje publisert nokon stad.
Tips om ting som gjer at vi hoppar over søknader: Mange skrivefeil eller dårleg språk, gjenbruk av søknader som er sendt andre stader, søknader som manglar CV eller søknadsbrev og søknader på engelsk.
Gå til utlysinga på finn.no (det er der du skal sende inn søknaden)
Søknadsfrist: 30. oktober 2024

Redaksjonen i Store norske leksikon har hatt som ambisjon å få fleire kvinnelege fagansvarlege i mange år. No har vi nådd ein viktig milepæl: Over 40 prosent av dei fagansvarlege er kvinner.
På ti år har vi gått frå 24 prosent kvinnelege fagansvarlege til 40 prosent. Det er vi stolte av! Det er no 471 kvinner blant dei fagansvarlege i SNL, fleirtalet av desse er forskarar ved eitt av universiteta.
Det er diverre vanskelegare å få kvinner enn menn til å drive formidling i oppslagsverk. Wikipedia har for eksempel berre 10–15 prosent kvinner blant bidragsytarane sine.
Torsdag 12. september er det offisiell lansering av Vesle norske leksikon – eller Lille norske leksikon som det heiter på bokmål.
Det er to lanseringar:
Vi er enormt stolte av det nye verket! Ambisjonen har vore å skape eit fritt tilgjengeleg og gratis oppslagsverk med enkel tekst. I Vesle norske leksikon kan ein lære litt om mange tema. Artiklane skal fortelje det aller viktigaste på inntil 2500 teikn. Dersom ein vil fordjupe seg, kan ein lese vidare om temaet i Store norske leksikon.
Føremålet med Vesle norske leksikon er altså forenkling: Å få sagt det viktigaste om eit emne, og å gjere det tilgjengeleg og forståeleg for barn, folk som ikkje er så gode i norsk, har lesevanskar eller av andre grunnar treng enklare tekst.
Leksikonet er kvalitetssikra av ekspertar. Ekspertane er fagansvarlege i Store norske leksikon, der hovudtyngda er forskarar ved universiteta. Elevar frå heile landet har også sjekka at tekstane er gode.
Vesle norske leksikon blir gjeve ut av foreininga Store norske leksikon, som er eigd av norske universitet og høgskular, og fleire ideelle stiftingar.
Leksikonet opna for lesarane før sumaren i 2024, men med offisiell lansering i september 2024.
Du kan utforske det nye leksikonet på lille.snl.no. Der kan du søkje, eller bla gjennom alfabetiske lister over artiklane.
På lillenorske.no finn du ei tematisk inndeling av artiklane.
Vesle norske leksikon vil stadig vekse. Nett no er det over 2200 artiklar, noko som gjer det til Noregs (og kanskje Europas) største sakprosaprosjekt for barn nokosinne.
I mai 2024 samla Store norske leksikon storparten av dei europeiske leksikona som har overlevd digitalisering til ein konferanse i Oslo.
25 leksikonfolk frå 12 land deltok. Det mangla berre deltakarar frå 3-4 land.
Å arbeide med leksikon kan av og til kjennast einsamt. Dei fleste leksikonredaksjonane er dei einaste i landet sitt, og det finst ikkje kollegaer å diskutere med. På konferansen i Oslo gjekk diskusjonane fritt i pausane. Eit enkelt døme: Kva skal vi eigentleg kalle Kievriket? Kyiv-riket? Kyiv-Rus? Kyiviske-Rus? Rus? Alt kjem an på kva historisk kontekst du står i.

Programmet var variert:
Vi avslutta konferansen med å feire 17. mai saman. Det vart ei minnerik oppleving.
Meir om konferansen på encyclopedias.eu
Opinion AS har utført kjennskapsundersøkelser for SNL i flere år. Årets undersøkelse ble utført i februar, og det er virkelig gode resultater!
Noen høydepunkter:
Disse undersøkelsene er alltid veldig spennende. SNL har hatt svært høy kjennskap blant de yngste i mange år, og vårt høyeste ønske er at flere av de eldre også skal kjenne til SNL som en digital tjeneste, og ikke bare forbinde oss med gamle papirleksikon.




















Årsmeldingane til Store norske leksikon er ei årleg oppsummering av kva leksikonet er, kva vi har prioritert og kjem til å prioritere, lesartal og samfunnsoppdrag.
No er vi akkurat ferdige med årsmeldinga for 2023. Ta ein titt!
