Dei fyrste fem månadene i 2021 har det i snitt vore 3,1 millionar unike brukarar innom leksikonet kvar månad. Det er ny rekord – leksikonet har aldri blitt lese så mykje som no.
I løpet av det siste året – mai 2020 til mai 2021 – har artiklane i Store norske leksikon blitt lesne 111 millionar gongar. I 2020 passerte vi 100 millionar lesingar av leksikonartiklane på eitt år, dét var ein milepæl.
To leksikon skal bli til eitt. Stina og Steinarr frå Allkunne synest det er godt å kunne løfte det beste innhaldet frå nynorskleksikonet Allkunne ut til enda fleire lesarar i Store norske leksikon.
Det nynorske leksikonet Allkunne blir integrert i Store norske leksikon.
I Aasentunet på Sunnmøre sit to leksikonredaktørar med ei massiv oppgåve føre seg: Ei stor mengd artiklar frå nynorskleksikonet Allkunne skal flyttast til Store norske leksikon. Men det er ikkje berre ein flyttejobb.
– Vi veit jo kva vi skal gjere, men det er mange omsyn som påverkar korleis vi gjer det best mogleg, seier Steinarr Sommerset, språkansvarleg i Nynorsk kultursentrum.
Det var i 2020 at styra i stiftinga Nynorsk kultursentrum, som dreiv Allkunne, og Store norske leksikon blei einige om å slå seg saman. Delar av innhaldet i Allkunne skal flyttast til SNL, samstundes som institusjonane skal samarbeide om å få endå meir godt innhald på nynorsk ut til lesarane på snl.no.
Steinarr Sommerset er språkansvarleg i Nynorsk kultursentrum.
– Både SNL og Allkunne er jo allmenne leksikon, men dei er to forskjellige leksikon, og i arbeidet vi gjer, skal to leksikonkulturar smelte saman. Mykje treng også oppussing. Det som var ein god artikkel då han blei skriven, treng fort endringar i dag, seier han, og gjer klar publiseringa av biografiartikkelen om Gunvor Ulstein, som lenge leia familiekonsernet Ulsteingruppa på Sunnmøre.
Kollega Stina Aasen Lødemel, spesialrådgivar i Nynorsk kultursentrum og prosjektleiar for avviklinga av Allkunne, har nett publisert artikkelen om Normannalaget, det første mållaget i Amerika, på SNL.
– Allkunne har hatt eit spesielt samfunnsoppdrag med å dokumentere den nynorske kulturhistoria, i tillegg til å gjere kunnskap om alle slags emne tilgjengeleg på nynorsk. Derfor blir det ein del om den nynorske historia i innhaldet vi flyttar over. Ein viktig del av samarbeidet går òg ut på at SNL skal få betre innhald på nynorsk om alle tema, seier ho.
– Så vi prøver å leite opp område der SNL manglar gode artiklar, og der Allkunne har vore verkeleg gode.
Stina Aasen Lødemel er prosjektleiar for avviklinga av Allkunne.
Til saman skal Stina og Steinarr flytte mellom to og tre tusen artiklar til SNL før Allkunne stenger nettstaden. Det kjem til å ta tid, vedgår dei.
– Det er vanskelig å seie når alt er flytta. Det er ikkje berre å klippe og lime innhaldet over: Det er etterslep av oppdatering som må kontrollerast ved overflytting, artiklar skal skrivast saman, og vi møter ulike redaksjonelle problemstillingar. Greier vi alt i løpet av året, hadde det vore fantastisk, men det er førebels for tidleg å seie. Truleg vil arbeidet gå raskare etter kvart, seier Stina.
Likevel, for kvar nye artikkel og kvar dag som går, blir SNL eit betre leksikon med meir innhald på nynorsk. Allereie i 2020 blei nynorskandelen i SNL mykje større: I byrjinga av året var det berre 1118 nynorskartiklar i SNL, medan det 1. januar 2021 var 7583 artiklar på nynorsk i leksikonet. I år kjem det altså fleire tusen artiklar på nynorsk i SNL gjennom overflyttinga av Allkunne-artiklar og omsetjing av eksisterande SNL-artiklar frå bokmål til nynorsk.
– Og samarbeidet mellom SNL og Nynorsk kultursentrum handlar ikkje berre om flytting av innhald. Dette er eit langsiktig partnarskap mellom to institusjonar som arbeider for godt språk og kunnskapsformidling, seier ho, og legg til:
– Det er flott å sjå at SNL får stadig meir innhald på nynorsk, og at det gode innhaldet frå Allkunne no vil nå ut til eit breiare publikum. SNL og Allkunne byggjer begge på ein lang norsk leksikontradisjon, men har hatt noko ulik redaksjonsmodell. No skal vi sameine det beste frå to leksikon med mål om å auke lesartalet og styrkje fagspråket både på bokmål og nynorsk.
Andelen nynorsk i SNL vaks mykje i 2020, og meir skal det bli!
Pandemiåret 2020 vart eit spesielt år for Store norske leksikon, som for så mange andre organisasjonar og nettstader.
2020 vart eit rekordår på mange måtar:
For fyrste gong var meir enn 3 millionar unike brukarar innom snl.no i løpet av éin månad, det skjedde i både mars og november 2020.
Artiklane i leksikonet vart lesne 106 millionar gongar i løpet av året, 14 prosent auke frå året før.
Meir enn 80 000 artiklar vart oppdaterte i løpet av året, nesten dobbelt så mykje som året før og firedobling samanlikna med 2016.
Det var 922 fagansvarlege ved årsskiftet, 122 fleire enn året før, og fleire enn nokon sinne.
Det var 1812 aktive bidragsytarar i leksikonet i 2020, rundt 60 prosent var friviljuge.
Store norske leksikon i tal
Unike brukarar og lesne artiklar
Det har aldri vore fleire lesarar av leksikonet enn i 2020. I mars – den verkelege pandemimånaden då alt stengde ned – var 3,1 millionar unike brukarar innom snl.no. Det var rett under 3 millionar unike brukarar i april, mai, september og oktober; og rett over 3 millionar unike brukarar i november.
For fyrste gong vart artiklane i Store norske leksikon lese meir enn hundre millionar gongar på eitt år: Total artikkellesing i 2020 var 106 333 559!
Oppdaterte artiklar
Det store målet for redaksjonen i Store norske leksikon i 2020 var å få gått gjennom 95 prosent av artiklane vi overtok frå papirleksikonet Kunnskapsforlaget gav ut 2005–2007. Fram til 2020 prioriterte vi å oppdatere dei mest lesne artiklane, men i 2020 ville vi støvsuge alle krokane og oppdatere dei lite lesne artiklane òg.
Vi nådde målet: På nyårsaftan 2020 var 96 prosent av artiklane oppdaterte. Det skjedde etter eit heftig år der halvparten av artiklane (SNL og SML) vart oppdaterte. Over 80 prosent av artiklane er oppdatert i løpet av dei siste tre åra.
Fagansvarlege, forfattarar og friviljuge bidragsytarar
Ved inngangen til 2021 var det 922 fagansvarlege i Store norske leksikon. I 2020 vart det rekruttert 191 nye fagansvarlege, og 67 gjekk ut.
Alle kan føreslå endringar i artiklane på snl.no, men alle endringar blir godkjende av ein fagansvarleg eller redaktør før dei blir publiserte. I 2020 var det 1812 aktive bidragsytarar i leksikonet, rundt 60 prosent var friviljuge.
I år er det 20 år sidan Store norske leksikon kom på nett. Det er 13 år sidan Kunnskapsforlaget gav ut Store norske leksikon i papirform for siste gong. Det er 10 år sidan Kunnskapsforlaget gav opp å drive leksikonet vidare. Og det er 6 år sidan den ideelle foreininga Store norske leksikon vart etablert; det er vi som driv leksikonet i dag.
Korleis har Store norske leksikon vakse dei siste ti åra? Eg har gjort ein del søk i databasen vår, og er nesten forundra over kor mykje større leksikonet har blitt på ti år.
Dersom vi hadde gjeve ut Store norske leksikon i bokform i dag (det har vi ingen planar om), ville det vore rundt 51 band.
Tekstbasen vi overtok frå Kunnskapsforlaget i 2010 var i svært stor grad basert på papirleksikonet som kom ut frå 2005 til 2007. Det siste papirleksikonet var på 16 band. Det var på ca. 121 millionar teikn; i dag har vi ca. 343 millionar teikn og svært mange fleire bilete og illustrasjonar.
Frå 2010 til i dag har vi «berre» publisert 30 000 nye artiklar. Men i tillegg har vi oppdatert 127 000 artiklar som kom frå papirleksikonet, og vi har sletta meir enn 40 000 artiklar. I dag har vi 183 000 artiklar.
80 prosent av artiklane vi overtok frå papirleksikonet er blitt meir enn dobbelt så lange enn dei var i den siste bokutgåva. Det vil seie at det ikkje er så mykje att av tekstane frå papirleksikonet på snl.no i dag. Artiklane har blitt mykje lengre, dei har blitt utvida, oppdatert og fornya. Heldigvis.
Papirleksikonet Store norske leksikon var eit fantastisk verk, og var i 2007 det beste leksikonet som hadde blitt gjeve ut i Noreg nokon gong. Det dekte så og seie alle fagområde, var sånn nokolunde oppdatert, og vart laga av fagfolk frå heile landet. Men det var prega av å vere laga for papir: Artiklane var i snitt svært korte og meiningsinnhaldet var så komprimert at det er vanskeleg å lese tekstane på skjerm i dag.
I dag er vi framleis prega av papirleksikonet: Kategoriseringsstrukturen vår er i stor grad henta frå papirleksikonet, den redaksjonelle modellen der fagfolk og akademikarar skriv innhaldet er i stor grad henta frå papirleksikonet og hovudtyngda av oppslagsorda våre er frå papir.
Men sjølve innhaldet – artiklane – er i dag i svært liten grad basert på papirleksikonet. Dei er oppdatert, utvida og fornya av fagfolk frå heile landet. I dag har vi 900 fagansvarlege i leksikonet, som skal passe på at artiklane er oppdaterte og korrekte.
Hittil i 2020 har 46 528 artiklar i SNL blitt oppdaterte. Det er litt fleire enn i heile 2019, og det er det høgaste talet oppdaterte artiklar nokon sinne i leksikonhistoria.
Oppdaterte artiklar i SNL per år 2009-2020
Hittil i 2020 er det oppdatert over 46 000 artiklar. Dersom tempoet held seg vil vi få oppdatert 73 000 artiklar i år.
2020 er eit spesielt år på fleire måtar.
2020 er koronaåret
Mange frilansforfattarar mista alle andre oppdrag i vår, og gjennom eit samarbeid med NFFO og Fritt Ord har SNL delt ut skriveoppdrag og honorar til 103 kriseramma frilansforfattarar. 103 nye bidragsytarar har både gjeve mykje godt innhald og fått opp oppdateringstakta i leksikonet.
Pandemien har også gjort at lesinga av leksikonet har auka kraftig. I mars, april og mai hadde vi for fyrste gong over tre millionar unike brukarar (lesarar) i månaden, og brukartala hittil i år ligg 31 prosent over fjoråret.
Unike brukarar i måneden juli 2019 til juli 2020 (blå), samanlikna med juli 2018 til juli 2019 (oransje).
Artiklane i leksikonet er lese 101 millionar gongar det siste året, det er fyrste gong vi har passert 100-millionar-grensa.
2020 er også «95 prosent oppdatert»-året
2020 er også året der vi i redaksjonen i Store norske leksikon håpar å få redigert og kvalitetskontrollert så og seie alt innhaldet vi overtok frå Kunnskapsforlaget. «95 prosent oppdatert» har vore mantraet i år.
Fram til i år har vi prioritert å oppdatere dei mest lesne artiklane. Dei minst lesne artiklane har vore nedprioritert, og i januar hadde vi over 45 000 lite lesne artiklar som ikkje hadde blitt oppdatert på minst 15 år. I sum var desse knapt lese, og stod for berre 4 prosent av lesinga av leksikonet. Mange av dei uoppdaterte artiklane var korte ordforklaringar og anna innhald som eigentleg ikkje treng oppdatering, men mykje var også dårleg og utdatert.
I år har vi verkeleg fått gjort noko med oppdateringsprosenten: Vi har oppdatert 18 003 uoppdaterte artiklar, i tillegg til at 28 525 andre artiklar også er oppdaterte.
I januar i år var 26 prosent av artiklane uoppdaterte. No er det 15 prosent. I januar neste år håpar eg at vi kan feire at det er under 5 prosent av artiklane som er uoppdaterte.
27 prosent av artiklane i SNL er oppdatert i 2020, desse artiklane står for 34 prosent av lesinga. 15 prosent av artiklane er uoppdaterte, desse står for 1 prosent av lesinga.
2020 er året leksikonet har auka mest i omfang
Hittil i år har leksikonet auka med 17 millionar teikn. Det er eit ganske abstrakt tal om ein ikkje er vand med å telje bokstavar, men det tyder at leksikonet er 9 prosent større enn ved årsskiftet fordi 39 890 artiklar har blitt oppdatert og utvida. Dersom vi framleis hadde gjeve ut papirleksikon, ville 17 millionar teikn vore om lag 2,5 band.
Det har heller aldri vore fleire bilete i leksikonet. Hittil i år er det lagt inn 19 000 nye bilete, og det er no 112 000 bilete i leksikonet. Det er framleis alt for få bilete, men det går framover.
2020 er året med flest bidragsytarar
Akkurat no er det 891 fagansvarlege i SNL, meir enn nokon sinne tidlegare. Det er rekruttert 146 nye i år (det er også ny rekord), og 54 er gått ut.
Hittil i år har vi hatt 1294 aktive bidragsytarar i SNL, litt fleire enn på same tid i fjor.
I mars 2020 hadde Store norske leksikon for fyrste gong over 3 millionar lesarar på éin månad. Totalt var det 3 114 279 unike brukarar innom snl.no i mars, og leksikonartiklane vart lese 12 millionar gongar denne månaden.
Unike brukarar per månad frå januar 2018 til og med mars 2020. Dei to lågaste månadene er juli 2018 og juli 2019.
Årsaka til dei høge brukartala er koronakrisa. Medisinartiklane i SNL er blitt lese svært mykje dei siste to vekene, og i tillegg blir leksikonet mykje brukt i heimeundervisning.
Årsaka til rekorden no i mars er tydelegare dersom ein ser på lesinga av leksikonet per time dei siste månadene. Unike brukarar i timen er nesten 50% høgare enn normalen.
To veker med koronatiltak – korleis har det påverka Store norske leksikon? Kort oppsummert: 16 prosent fleire brukarar, 20 prosent auke i artikkellesing og 47 prosent auke i artikkeloppdatering.
I denne posten samanliknar eg statistikken for Store norske leksikon for perioden torsdag 12. til torsdag 26. mars 2020 med torsdag 14. til torsdag 28. mars 2019.
16 prosent fleire unike brukarar
I løpet av dei to siste vekene har 1,8 millionar unike brukarar vore innom SNL.no, mot 1,5 mill. i den same perioden i fjor.
Unike brukarar per dag, 2020 (blå) samanlikna med 2019 (oransje).
På det meste har vi hatt 5500 brukarar per sekund innom SNL.no, mest på dagtid mellom 10 og 13.
Andelen brukarar frå desktop (datamaskin) har faktisk auka, i 2020 er halvparten av brukarane på desktop. Mobilbruken har òg auka litt, (frå 40 til 44 prosent), medan bruken frå nettbrett er meir enn halvert (frå 11 til 5 prosent). Eg vil gjette på at dette er fordi mange skulelevar aldri rakk å ta med seg nettbretta sine heim før skulane stengde, og at mange elevar kanskje heller brukar PC når dei fyrst er heime.
Kor lang tid folk er innom har også auka kraftig: Dei to siste vekene har gjennomsnittslesaren vore innom i fire og eit halvt minutt, eitt minutt meir enn same periode i 2019. Fire minutt høyrast ikkje så mykje ut, men det er eit svært høgt tal om ein tek høgde for at mange av lesarane våre berre er innom nokre få sekund for å sjekke ein liten faktaopplysning.
20 prosent auke i artikkellesing
I løpet av dei to siste vekene er artiklane på SNL.no lese 6,1 millionar gongar, mot 5,0 mill. i den same perioden i fjor.
Lesne artiklar per dag, 2020 (blå) samanlikna med 2019 (oransje).
Om vi ser på lesing per time, ser vi at ein større andel av lesinga har flytta seg til dagtid. Bruken av leksikonet har auka kraftig mellom kl 9 og 14, og gått tilsvarande ned på kveldstid. Tidlegare har vi sett at spesielt medisinstoffet er mest lese på ettermiddagar og kveld, no er lesinga av alle kategoriane større på dagtid.
Andel av lesinga per klokketime siste to veker (blå) samanlikna med same periode i fjor (oransje).
Vi ser den same tendensen om vi ser på unike brukarar per time dei siste to vekene samanlikna med vekene i 2019. Toppane no i 2020 er mykje høgare enn i 2019, både fordi fleire er innom leksikonet, men også fordi meir av bruken har flytt seg til dagtid.
Unike brukarar per time i 2020 (blå) samanlikna med 2019 (oransje).
Kva les folk i leksikonet?
Topplistene over dei mest lesne artiklane i SNL er til vanleg veldig dominert av skuleelevar. Slik er det også i koronatidene – alle skuleelevar i landet har heimeundervisning, og mange av dei brukar tydeleg SNL i denne tida.
Topplistene våre i 2020 er altså dominert av pandemi og skulefag, medan 2019-topplista er dominert av berre skulefag.
Om vi ser på kategori-nivå er derimot biletet eit heilt anna. Som vanleg er medisinstoffet det aller mest leste på kategorinivå, men medisin-stoffet har faktisk lågare del av lesinga i 2020 samanlikna med 2019 (!). I 2019 stod medisinstoffet for 23 prosent av alle sidevisningane i SNL, mens det i 2020 var eitt prosengpoeng lågare.
Andel av artikkellesinga i 2020 (blå) samanlikna med 2019 (oransje). Medisinstoffet stod for 23 prosent av lesinga i 2020, og 22 prosent i 2019.
I absolutte tal er det auka lesing av alle kategoriar, men det er interessant å sjå at lesinga faktisk er jamnare spreidd ut over kategoriane i 2020 enn i 2019.
Dette kjem av at det blir lese mange fleire artiklar i løpet av desse to vekene i 2020 enn i 2019.
47 prosent fleire oppdaterte artiklar
I løpet av dei to vekene «alle» har hatt heimekontor har det blitt oppdatert 4008 artiklar i leksikonet, 47 prosent fleire enn i den same perioden som i fjor.
Innhaldet i SNL blir i hovudsak oppdatert av fagansvarlege. Ein fagansvarleg er ein tilknytt fagekspert som har ansvar for ein eller fleire kategoriar i leksikonet. Fleirtalet av dei fagansvarlege er forskarar ved eitt av universiteta.
Mange av dei fagansvarlege har heimekontor, undervisning er avlyst, konferansar og seminar er utsett. Så kva gjer ein då? Jo: Ein oppdaterer leksikon! 🙂
Mange av oppdateringane er naturleg nok knytt til medisin og den pågåande pandemien, men det er oppdateringar i alle kategoriane.
I november var det 2,4 millioner unike brukere innom snl.no; det er ny rekord. I år er det 111 år siden Norge fikk sitt første leksikon, og vi kan trygt slå fast at leksikon aldri har vært mer lest enn nå.
Bruken av snl.no har økt svært kraftig i høst, og vi i redaksjonen fryder oss over å se tallene stige.
«Istappene» i grafene over er juli måned – midt på sommeren er det ikke så mange som leser leksikon sammenlignet med resten av året 🙂