Politisk dagbok: Ja, vi vil vere venar!

wikipediatorget blir det diskutert om dei vil samarbeide med / møte / liker Store norske leksikon. Vi i SNL vil gjerne både dele, diskutere og snakke med dei aktive på Wikipedia. Så eg prøvde blande meg inn, men stranda i eit skikkeleg magaplask fordi eg ikkje klarte å leggje svara inn på riktig måte inni tråden. Derfor gjer eg det her i staden. Kanskje er det ok for andre å kunne lese også.

Kort oppsummert trur eg færre der inne er glade i SNL enn vi i SNL-redaksjonen er glade i Wiki. Den manglande kjærleiken er bygd på fire litt ulike ting:

1. Trekantdrama: At andre som liker SNL seier noko negativt om Wiki
Journalistar liker å setje ting opp mot kvarandre. SNL er glade for at Dagblad-journalistar liker oss godt, men vi sitt ikkje og dikterer kva dei skriv. Tvertimot avviser vi journalistar som vil ha oss til å gå ut mot Wiki. I SNL har vi berre meint å seie noko negativt om Wikipedia éin gong. Fordi dei fortente det. Er det fleire saker der VI har talt  negativt om W? Gi oss ei lenke under!

2. Vere / er / var / forblir dårleg?
Ein del meiner berre at SNL er «dårleg». Det var sant at SNL var eit dårleg nettprodukt. Vi har sagt det ofte sjølv. Men vi tar nettet på alvor og har revolusjonert arbeidsmåten. Det gjer sakene verkeleg veldig mykje betre. Sjekk statistikk på kor langt vi er komne no. Oppdater kritikken! Det hadde vori så utruleg deilig å bli kritisert for noko nytt vi kan gjere betre.

3.  Ein ekstra dose makt?
SNL er ein publiseringsinnovasjon i norsk forlagshistorie. Vi har beholdt ein redaksjonell modell med både forfattarar, redaktørar og utgivarar, men all produksjon og distribusjon skjer åpent på nett. Vi tar med oss nokre av fordelane frå papirsamfunnet, produserer & publiserer langt mer effektivt, gjennomsiktig og demokratisk. Vi gjer det sånn fordi vi meiner den komboen gir godt innhald! Akkurat som avisene beholder journalist, redaktør, utgivar – beholder SNL forfattar, fagredaktør – og utgivar. Eg har ingen vanskar med å seie at wikimåten er fin. Omvend ser fleire inni den tråden ut til å vere overtydde om at deira måte er den einaste aksepterte måten å lage godt innhald på.

Er det «elitistisk» at dei som kan mest bestemmer litt meir enn andre? I SNL synst vi ikkje anarkiet er så mykje meir demokratisk enn eit ope møte med ordstyrar og innleiar. Demokrati betyr ikkje at alle må ha like roller. Det betyr at alle kan delta. At alle har forslagsrett. At alle kan diskutere. Og at alle kan stemme (og at det er lett, så stemmeseddelen din td ikkje blir forkasta fordi du gjer tekniske feil … ). Vi meiner dette er det aller viktigaste nettet har å by på. Sjølv om ekspertar framleis finst.  BTW: Også på Wiki finst moderatorar med meir makt enn andre. Dei er wikiekspertar. Vi har fagekspertar.

4. Kva er gode kjelder?
Det viktigaste tråden avslører er at Wiki og vi har ganske ulik forståing av kva kjelder betyr. Dette må vi snakke meir om, for det er ein ekstremt viktig debatt i internetts tid. Somme på torget meiner at «eit leksikon ikkje kan vere kjelde til eit leksikon». Det er eit skikkeleg snurrig argument. Det blir slik fordi dei har lært seg at «Wiki ikkje kan vere kjelde til Wiki». Og det er sant. For Wikiskrivemåten kan berre bli «mest mogleg objektiv» av at dei som skriv kan syne til nokon andre som skriv det same på plassar som er – nettopp: signerte og publiserte under ansvar.

Men SNL skriv ikkje på Wiki-måten. Vi har skrivi litt om dette i Dagbladet før. La meg starte forfrå: Kva er ei god kjelde?

Dette er SNL-måten: Lauritz Sømme, Noregs superekspert med frysaren sin full av bjørnedyr som han har samla sjølv: Han har produsert uhorvelege mengdar vitskapsartiklar og bøker, men nesten ingenting på norsk. No bruker han tida si på å skrive basisen i alt han kan inn i SNL. Som utgivar har vi vald han ut og påstår at han publiserer vitskap. (Du kan ta oss for det om vi tar feil.) Og: Vitskap er IKKJE synsing. Det er metode. Sømme er forplikta til å byggje på alle relevante kjelder i faget han kan. Han representerer ikkje seg sjølv. Han representerer kor faget hans står – td i kunnskapen om bjørnedyr. Kvifor skulle ikkje SNL-artiklen av Sømme vere ei super kjelde for Wiki?

Slik ser vi oppdraget vårt: SNL skal sørge for at fagfolk destillerer kunnskapen dei sit inne med og bygger opp ein grunnmur av kunnskap der folk finn han. Grunnmuren trengst for å støtte opp under alt det andre nettinnhaldet: avisartiklane, blogginnlegga, twitterdebattane – og skoleoppgåvene. Det skal finnast fagkunnskap å lese og lenke til – om alt frå sjeldne diagnosar til verdshistorie.

Vi gir norskspråkleg internett 200 000 tekster like truverdige som om det var skrivne av ekspertar i papirbok. Berre mykje raskare. Nye opplag med rettingar når som helst. Med sjansen til å klage og spørje forfattaren. Eller skrive ilag. Så la meg spørje igjen? Kva er ei god kjelde, om ikkje dette er?

Sånn. Det var svar eg ville ha skrivi på wikitorget om eg hadde klart det. Lurer på om nokon vil snakke med oss her?

Leksikon er ferskvare – en tegneserieblogg

Når du har et papirleksikon i hylla ser det veldig troverdig ut. Skinnbind, gullskrift og tykt papir gir en følelse av kvalitet. Vi som jobber tett på leksikon vet derimot at dette ikke stemmer. Vi vet at tekst forfaller svært raskt, papir eller ei.  Men det er vanskelig for folk å skjønne at leksikon faktisk er ferskvare. Vi har laget en liten tegneserie som forklarer hvordan kunnskap forfaller.

Papirleksikonet fra 2005 var allerede utdatert da det ble flyttet ut på nett, og mye av innholdet hadde forfalt. Vi har jobbet med å rydde i den gamle teksten frem til nå, og vi er ikke i mål. Men selv når alt er oppdatert og holder den nye nettstandarden vår, vil vi ikke være «ferdige.»

Selv om vi har programvare som sørger for at internlenkene våre ikke råtner, står alle lenkene til eksterne nettsider i fare for å dø hele tiden. De må passes på. Faktainnhold har ekstremt kort holdbarhet, noe som betyr at vi må sette inn ekstra krefter på turbulente områder, som Midtøsten.

En av de store overraskelsene da vi begynte å jobbe med innholdet fra papirleksikonet var hvor utdatert det var på verdispørsmål. Det har blant annet ført til at vi måtte skrive alle artiklene om LHBT helt på nytt. Verdiene i samfunnet endrer seg mye på ti år.

Når vi har fått inn fagfolk har de gjort oss oppmerksom på fagområder der forskningen har beveget seg mye, men leksikonet har stått stille siden 60-70-tallet. Et par eksempler har vært det gamle Egypt og jødedommen. Selv forståelsen vår av hvordan verden var for flere tusen år siden forandrer seg.

Leksikonet kommer aldri til å bli «ferdig». Vi slipper ikke opp for oppgaver om vi får oppdatert alt. Her er en liste over oppgaver som kommer i tillegg til kampen mot forfallet. Fordi målet er jo ikke bare å holde forråtnelsen unna:

Politisk dagbok: Ja til digitalisering av litteraturpolitikken

Det er litt kjedeleg å lese framlegget til ny boklov. Det blir som no, berre i form av lov framfor førtiårig «unnatak». Meir spennande er pressemeldinga. Ho handlar nemleg om «digitalisering» og «innovasjon». Når ein vanlegvis snakkar om «digitalisering» av bøker er det e-boka ein siktar til. Ein klagar over Bokskya – eller ser at straumetenester vil kome som i musikkbransjen. Så også med Hadia Tajik:

«Vi vil legge til rette for innovasjon og nye teknologiske løsninger for e-bøker. Loven sikrer derfor mulighet for å utvikle nye prismodeller som kan tilpasses framtidige distribusjonsformer for e-bøker.»

TVANGSDIGITALISERING
Leksikon er den første boksjangeren som blei tvangsdigitalisert. I Store norske erfarer vi kva det faktisk kan bety at papir blir erstatta av #noe_digitalt: Som når ein forfattar skriv papirbok – det tar sin tid. Så bestemmer han seg for å skrive i SNL; dele det han har på hjartet opp i mindre bitar. Til ingens overrasking: Etter eit døgn kjem første lenka på twitter. Forfattaren har nådd fram til lesaran.
Innovasjon
Så er det dei litt flauare møta, når vi sitt ved rundebordet der bokbransje drøftar Boklova. Medan andre forleggjarar melder om lite tilgang på manus eller om eit par hundre versus eit par tusen selde eksemplar. Så blir det blir vår tur til å melde om:

  • Vi publiserer tilsvarande ca 60 bøker i året. 300 aktive forfattarar er i stallen. Dei skriv, blir redigert av flink redaktør, vi publiserer. Akkurat som i eit forlag. Berre med mindre bitar publisert tekst av gangen.
  • Vi har 7000 lesarar i timen. 105 000 per dag. 2 millionar i månaden.

Ja, så klart det er litt urettferdig å samanlikne … SNL er gratis og er den store boka om «alt». Likevel… likevel er det eit anna element, ein kime til innovasjon, og i første omgang er det teknisk: e-pub/app versus html. Kunne det vere at også andre sjangre ville utvikle seg og få fleire lesarar med den reelle sjansen til innovasjon som internett byr på?

Eg trur det digitale endringspotensialet for publisering av tekst (altså det bokbransjen er til for) er større enn for musikk. I motsetning til ei låt er ikkje ein tekst eit like finitt kapittel, ikke eit like avslutta stykke av nokre minutts oppleving. Tekst kan endre seg langt meir som følgje av at formatet kan bli eit anna.

Internett har allereie skapt nye sjangrar. For kva slags boksjanger er ein blogg? Og det skjer litterært artige ting – som når twitter møter haikupoesi. I denne tekstinnovasjonen på nett tar forlaga inga hovudrolle. Dei gjer tafatte forsøk på å endre distribusjonsmetodane for dei eigentleg same produkta. Men ingen forsøk på å endre produksjonsform – og såleis også produkt. I staden arbeider dei for å sikre dei produksjonsformene dei meistrar frå før.

EIN TEKNOLOGINØYTRAL LITTERATURPOLITIKK?
Den nye Boklova er først og fremst fin fordi kulturministeren ser ut til å:

1. Vere opptatt av å binde tiltak fast i måla for kulturpolitikken: Eit mål er «å legge til rette for et mangfold av aktører. Loven skal bidra til å fremme kultur- og kunnskapsformidling, og styrke skriftkultur og norsk språk i begge målformer.»

2. Ville lage litteraturpolitikk uavhengig av format: «Det er departementets vurdering at de litteraturpolitiske målsettingene gjelder litteratur uavhengig av format».

2. Ville oppmuntre til innovasjon i publiseringa av litteratur i det norske digitale samfunnet.

Så langt er departementet mest opptatt av innovativ distribusjon. Men dei glimtar til med denne:
«En teknologinøytral lov reiser en avgrensningsproblematikk for e-bøker. Spørsmålet er om berikede bøker skal omfattes eller eventuelt hvor grensen skal gå. Det er sannsynlig at det også vil skje en utvikling av boken. Å avgrense lovens virkeområde mot berikede bøker kan synes lite fremtidsrettet. Det er imidlertid mulig å legge til grunn en fleksibel bruksdefinisjon. En digital bok vil med en slik avgrensning være en publikasjon som er formatert slik at den kan gjøres tilgjengelig i elektronisk format, der den dominerende delen består av tekst, illustrasjoner og annet grafisk materiale. En digital bok kan inneholde tekst med audiovisuelle elementer, være interaktiv eller på annen måte inneholde elementer som beriker teksten, forutsatt at slike elementer ikke blir det dominerende innholdet.»

«Det egenartede ved litteraturen som produkt gjelder uavhengig av format», står det å lese. Så vi spør: Kva er skilnaden på nettside og bok – gitt at alt dette er likt: Forfattarar skriv. Redaktørar redigerer. Utgivarar publiserer. Lesarar les?

SNL er boka som er blitt ei nettside. Heldigvis hadde Wikipedia gjort det heilt klart at «digitalisering» av leksikon var lik html-format, altså: fulltekst søkbar på internett. Ingen fann på å gjere Store norske til ein serie e-bøker i sal. Eller til ein giga-app (leksikonet ville overtatt mobilen din, det er alt for tungt!). Formatvalet vårt er ein supersuksess etter alle kulturpolitiske målestokkar. No gler vi oss berre til ein teknologinøytral språk- og litteraturpolikk.

Politisk dagbok, kapittel 3

For leksikonfolk er det historisk sus over kulturbudsjettet som blei handsama av Stortinget i går. Suset er ikkje enkelt å høyre, men om du spolar deg 11.44 sekund inn i filmen på denne sida, kan du sjå at Stortinget vedtar budsjettet. (At sak 3 denne dagen faktisk var kulturbudsjettet, kan du finne ut i dette referatet.)

Realitets-sjangeren egnar seg temmeleg dårleg til å formidle kor heidundrandes spennande politikk er. Men bak denne «ein-heilt-vanleg-dag-på-jobben»-filmen frå Stortinget, ligg andre sjangre som syner kva kulturpolitikk partia eigentleg har for 2013. Då må du grave deg gjennom nettsidejungelen, og fram til innstillinga med prioriteringar og merknadar frå komiteen. Og der, i «4.10 Kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål» er det no avklart at Høgre, KrF og Fremskrittspartiet har formulert ein leksikonpolitikk! Les og bli glad:

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti vil understreke betydningen av at norsk språk har fagterminologi i alle språkdomener. Kunnskapsinnhenting fra leksikale verk er her svært viktige. Disse medlemmer viser til den positive utviklingen som har vært i forbindelse med Store norske leksikons overgang til nett, og det arbeidet som nå gjøres for å samle flere leksikale verk under samme løsning. Utviklingen av en kunnskapsbase som dette er svært viktig for norske brukere og norske fagmiljøer. Disse medlemmer mener det er naturlig at samarbeid og eierskap utvikles slik at norske universitet og høyskoler involveres sterkere.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti ber regjeringen bidra til å sikre videre drift av Norsk nettleksikon, som utgir redaksjonelle leksikon, blant andre Store norske leksikon, Norsk biografisk leksikon og Store medisinske leksikon.

Kva så med resten av opposisjonen? Venstre sit ikkje i Kulturkomiteen, så då er det berre Framstegspartiet att. Dei er kjend for å ville kutte i dei fleste kulturtiltak. Men jaggu smeller ikkje også FrP til med svært gode analysar av kvifor leksikonet er viktig:

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet ser at det i kjølvannet av 22. juli har blitt klart hvor viktig det er å styrke den demokratiske infrastrukturen i Norge. Dette gjelder ikke minst på Internett, som er den nyeste og minst utviklete av alle kanaler for demokratisk deltakelse. Nettet er i dag den mest brukte kilden til kunnskap for folk flest, og disse medlemmer ser det som naturlig å benytte Store norske nettleksikon mht. å spre kunnskap på Internett.

No manglar berre regjeringspartia. Det er ikkje å vente at stortingsfleirtalet skriv merknad til si eiga regjering. Men Hadja Tajik og Kristin Halvorsen kan ikkje vente mykje lenger før dei også må ta stilling: Er det smart å leggje ned kjelda der kunnskaps-Noreg (med stadig fleire fagansvarlege) formidlar kunnskap til 90 000 daglege lesarar?

Eller skal dei bruke 2013 til å lage politikk for at kunnskap på norsk skal vere mogleg å finne på toppen av Google?

Frå minus til Kristus eller før vår tid?

SNL skal bidra til eit kunnskapsbasert ordskifte og syne korleis valid kunnskap ikkje er det same som nøytralitet. (Finansmarknadsmeldinga 2012)

Slik pleier Store norske leksikon å snakke om kva rolle vi skal fylle i samfunnet. Det lyder ufarleg som ei festtale, men dei siste dagane har vi fått prøve oss i praksis.

Datoformat blir storpolitikk

Tysdag førre veke var eg i Stortinget for å be om pengar til leksikon. Samstundes, på kontoret: På lista over tekniske forbetringar er vi komne til det autogenererte datoformatet. I faktaboksar om folk fødd før Jesus står det eit minusteikn. No kan vi erstatte minuset med tekst.

På papir har det lenge stått «før vår tid». (Tidslinje frå frå RLE-boka Horisonter 8, utgitt av Gyldendal i 2006).

Det siste året har leksikonet publisert heile 10 000 nye læreboksider. Fag er oppdatert i massivt omfang, deriblant jødedomen og det gamle Egypt. Religionshistorikarar har meld at dei vil bruke vanleg terminologi i faget, som er “før vår tidsrekning”, ikkje «før Kristus». Redaktørane meiner same omgrep bør stå i faktaboksen. Når ein skriv at ifølgje jødedomen er Jesus ikkje Kristus (messias), er det motsetningsfylt om faktaboksen fortel at nokon er fødd 50 år før Kristus. Vi blir samde om å bruke fvt. og evt. i autoteksten, men ikkje innføre felles politikk for artiklane. Ulike fagfolk får bruke eigen terminologi, slik at “før og etter Kristus” blir ståande i dei 4000 artiklane om kristendom.

Redaktørane lurer på om forkortinga fvt. er forståeleg. Nettansvarleg luftar saka på Facebook-sida vår. Det blir heidundrandes debatt. Så ringer Aftenposten. Dei vil lage sak. Som hovudredaktør / ansvarleg for å skaffe pengar til leksikondrift, kjem eg kjapt i interessekonflikt med meg sjølv. Vi har tre moglege språkalternativ med kvar sine følgjer:

  1. Det fagleg beste er å bruke ein autotekst som ikkje kjem i konflikt med fag som skriv om denne tidsperioden.
  2. Det politisk korrekte i dagens norske debattklima er nok å innføre “f.Kr” dersom vi skal ha tekst.
  3. Det redaksjonelt feige og politisk strategiske er å takke nei til intervju og setje minuset tilbake i faktaboksen.

Eg vel det første. Saka kjem på nett. Det blir ståhei for alvor. I løpet av tre døgn kjem 500 kommentarar. Natt til laurdag blir eg skulda for å vere politisk korrekt, feig, anti-krist, muslimelskar, redd for muslimar, kulturmarxist  og ein del av Aps løynde plan for å innta alle maktposisjonar i samfunnet og bruke det til å stryke Jesus Kristus ut av soga.

Twitter kvitrar ivrig. Høgre og KrF-politikarar liker ikkje den nye autoteksten vår. Vil vi stryke Kristus frå heile leksikonet? I løpet av helga har saka blitt omtalt i dansk og svensk presse. Og KrF har skrivi pressemelding om at Store norske er “på villspor når de vil omskrive tidsregningen vår” og at vi må vedkjenne oss vår egen kulturhistorie og bør holde oss “for god for den type historieomskriving.”

Min indre lobbyist tenkjer: Huff, då. Men korrigerer raskt seg sjølv med den indre hovudredaktøren: Kva truverd har eit leksikon som skjeler til politisk støtte og motvilje i redaksjonelle val? Det er jo ikkje vi, men religionshistorikarar som har omskrivi tidrekninga. Jobben vår er å formidle valid fagkunnskap skriven av dei som har han. Skal vi omformulere forskinga for å gjere henne meir spiseleg i resten av samfunnet? I kva tilfelle skulle vi latt politikk gå framfor vitskap? Når folkemeininga er eintydig? Når emnet er politisk betent?

Kristus på kollisjonskurs

Det er ei stund sia religionshistorikarar begynte å bruke fvt. framfor f.Kr. Kva skjedde då? Ingenting! I fagmiljøet er det ikkje brennbart. Når redaksjonen ringer for å høyre om akademikarar innan andre historiske fag har hatt liknande diskusjonar, er svaret: – Eg kan ta det opp i lønsjen om nokon på instituttet har sterke meiningar her. Men kunne du gitt meg eit stikkord om kva som eigentleg er kontroversen?

Det siste året har SNL klart å flytte ein del religionshistorikarar på nett for så skrive, så dei kan bli lest, diskutert og lenka til av alle. Dermed dukkar ordet opp i eit leksikon som no har 80 000 daglege lesarar på nett. Så kommuniserer vi omgrepet i sosiale media. DÅ kjem debatten. Såklart. Eg pleier å seie til politikarane at det er farleg om vi ikkje byggjer bru mellom nettdebatt og drøftingar i lukka akademiske sirklar. No har vi oppdaga ein avstand. Då har SNL gjort det SNL skal gjere.

SNL trur ikkje det er mogleg å formidle ei objektiv sanning. Men vi skal formidle korleis vitskapen ser verda. Vitskap skil seg frå all anna drøfting ved hjelp den vitskaplege metoden. Den betyr nettopp at du ikkje har lov til å la haldningar påverke utval og tolking av kjelder. Vitskapens metode har inkje mål om at konklusjonen skal vere nøytral. Metoden er sjølve bolverket mot synsing. Det er den som gjer at vitskapen ikkje skal vere nøytral. Han skal vere fagleg valid (gyldig).

Når vitskap står mot tradisjon i land langt borte, er vi snare til å sjå kor farleg det er om vitskapen ikkje får definisjonsmakt. I vår eiga sogeskriving står motsetninga fram som søk, som konstruert, som flisespikkeri. Kvifor skal religionshistorikarar definere soga om Jesus / Kristus? Kvifor bør ikkje politikarar definere soga om politikk? Gilde definere soga om næringsmiddelindustri? Eller ihuga muslimar definere soga om Islam?

Dei siste dagars hendingar har gjort meg klar over éin ting: Om SNL skal endre ordbruk i leksikonet, kan det ikkje vere på grunnlag av temperaturen i den offentlege debatten. Det må vere fordi ordbruken endrar seg i eit fagfelt. Og: Neste gong det blir debatt, skal fleire av fagfolka det gjeld vere til stades i tråden på Facebook, i VG, på Twitter. Vi må lære dei å svare sjølv. Først med tida vil vi sjå kva som endrar seg: Den akademiske ordbruken – eller debatten.

Politisk dagbok, kapittel 2

Dagen etter at 22. juli-kommisjonen la fram rapport hadde eg haustens første arbeidsdag med møte på Stortinget. Det var ikkje rart eg kjende det som eg kom med ei lita sak – oppi alle dei store spørsmåla som summa rundt i Stortingskantina.

Vel tilbake på kontoret er det på tide å sjekke korleis ferien har forløpt: Har leksikonet hatt det bra i sommar? Eg opnar Google analytics og pustar letta ut: Folk les meir leksikon enn dei gjorde i fjor. Tysdag 12. juni 2012: 68 000 lesarar (mot 40 000 tysdag 14. juni 2011). Så synk lesartala til det halve ettersom ferien legg seg over landet. Men i dag startar skulen og Store norske leksikon gjer seg klar til doble lesartal. Neste månad kjem éin million nordmenn til å lese Store norske leksikon. Nesten halvdelen av dei er elevar og studentar som slår opp på alt dei er i ferd med å lære. SNL er læreboka som definerer det meste, vi er boka dei kan spørje og diskutere med. Snart kjem kommentaren «Kan du fortelje litt meir om første verdskrig og korleis den påverka Noreg?»

Ein av dei siste dagane før ferien var Store norske til nytte i samfunnsdebatten: Etter vekesvis med strid om diagnosar i rettssalen, valde aktor å gå til SNL for å definere omgrepet neologisme på ein klar måte som også lekfolk kunne forstå. Artikkelen var skriven av Ulrik Malt, fagansvarleg for psykiatri i Store norske og fagkyndig vitne under rettssaka.

Så, første veke tilbake på jobb, skjer det same. No går debatten om kven som har ansvar for at ikkje ugjerningane blei forhindra. Men kva er ansvar? Kva tydar det når alle som ein seier dei «tar ansvar», ein fyr tar sin hatt og går medan andre blir sittande for å utøve ansvaret? Aftenposten valde laurdag å bruke ei heil side med utdrag frå artikkelen ansvar i Store norske leksikon. Artikkelen er skriven av Knut Erik Tranøy og er plassert i faget «etikk og moralfilosofi«, der filosof Heine Holmen er fagansvarleg og rede til å diskutere om nokon skulle vere usamd. (Apropos ansvar sluttar leksikonprofilen til Heine med at det er «hans mening at vår tenkning om mennesket og dets plass i verden vil endre seg radikalt ettersom det går opp for oss hva mennesket som en aktivt handlende aktør innebærer».)

Både den avsluttande talen til aktor og heilsida til Aftenposten syner kor sterkt behov vi har for å definere røynda. Som samfunnet treng vi fjell å stå på, å gå tilbake til – oppi all debatt, nye, vanskelege spørmål – eit fjell vi kan gå til, så vi kan tenkje tanken ut.

Leksikonet kan ikkje svare på om massemordaren laga neologismar. Vi kan ikkje svare på kvifor Øystein Mæland gjekk av. Men vi kan få dei klokaste hovuda landet har til å definere kva neologisme er. Og kva ansvar betyr. Det er ei viktig samfunnsrolle å ha. Så med ein million unike brukarar i månaden og i visse om at innhaldet vårt er nyttig, tar eg fatt på Stortingshøyringar og departementsbrev. Men eg trur eg vil starte med eit dikt:

Av og til
må noe vare lenge,
ellers mister vi vel vettet snart,
så fort allting snurrer rundt med oss.
Store trær er fint
og riktig gamle hus er fint,
men enda bedre –
fjell
Som ikke flytter seg en tomme
om hele verden enn forandres
(og det må den snart),
så står de der
og står og står
så du har noen å legge pannen inntil,
og kjøle deg
og holde i noe fast.

Jeg trivs med fjell.
De lager horisonter
med store hugg i,
som de var smidd av smeder.
Tenk på: – Den gamle nupen her har stått som nå
helt siden Haralds-tiden.

Den stod her da de spikret en arming fast til korset
Som nå. Som nå.
Med sildrebekker på og lyngkjerr og den store
bratte pannen
uten tanker i. Den sto her
under Belsen og Hiroshima. Den står her nå
som landemerke for din død, din uro,
kanskje dine håp.
Så du kan gå derforbi og holde i noe hardt.
Noe gammelt noe. Som stjernene.
Og kjøle pannen din på den,
og tenke tanken ut.
Og tenke selv.

Rolf Jacobsen Mere fjell frå Tenk på noe annet, 1979

(PS til dei retoriske: Jada, SNL skal flytte seg både ein og fleire tommar ettersom verda rasar vidare. Men endrar «ansvar» seg kvar gong eit menneske tar det, tru?)

Politisk dagbok – kapittel 1

I mange månader har vi i Store norske hatt nesa djupt nede i teknisk utvikling. Framleis sitt ein del av oss der, for det er langt ifrå ferdig. Tvert imot er det masse teknisk som haltar og skranglar, til stor frustrasjon både for redaksjonen og for dei som skal skrive. Så kva er det som hastar så grueleg å syne fram at vi valde å lansere før alt er klart? Jo: Det er ideen vår. Forteljinga vår om kva Store norske er i ferd med å bli. Det hastar fordi det berre er halvanna år til politikken må ta ansvar for at Store norske leksikon skal leve vidare.

Måten folk søkjer kunnskap på har endra seg. Alle forventar gratis tilgang til kunnskap på nett. Derfor har Store norske leksikon endra skrivemodell og publiseringsmåte. Men offentleg støtte til kunnskapsformidling har ikkje endra seg. Enno. Leksikon kan ikkje vere til sals som før. Kunnskap som er til sals kan ikkje lenkast til og spreie seg på nett. Men lesarane er like mange sjølv om pengeskiftet manglar – ja, dei fleire! Kvar dag er det 50 000 menneske som les Store norske leksikon. I løpet av ein månad har vi ein million unike brukarar.

Leksikonet er med andre ord ikkje ei verneverdig plante vi må skjerme for at ho skal overleve i nettsamfunnet. Det har framleis verdi: Samfunnsverdi. No, etter relanseringa, har vi starta jobben med å vise og forklare kva vi tilfører det norske nettsamfunnet. Artig nok (for politiske dyr) er det Finansdepartementet som er aller først ute med å omtale oss som samfunnsviktige, og det i sjølvaste Finansmarknadsmedlinga.

Det tredje beinet

Finansdepartementet skriv om SNL: «Den demokratiske ålmenta er avhengig av å verta styrkt på Internett, som er den nyaste og minst utvikla av kanalane for demokratisk deltaking. Store norske leksikon har som mål å skapa ein tydeleg arena for kunnskapsbasert ordskifte»

Det norske samfunnet kviler på tre bein: Det offentlege, det private og den tredje sektoren; organisasjonane som forvaltar ideelle, ålmenne interesser, oftast med offentleg støtte. Alle tre beina trengst for å halde demokratiet oppe. I det norske nettsamfunnet er det tredje, ideelle beinet langt svakare enn på dei tradisjonelle samfunnsarenaer. Skal dei ideelle interessene vakse seg store også på nett, må offentlege pengar gje rom for nye tiltak, for innovasjon. Til dømes: Det er få som tviler på verdien av offentleg støtte til kunnskapsformidling “på gamlemåten”. Førelesingane ved (dei offentleg finansierte) Universiteta er opne. Det finst støtteordningar for papirpublikasjonar. Men for nettsamfunnet manglar politikarane framleis vilja og tiltaka for å la kunnskap sive ut av dei akademiske krinsar og inn i det offentlege rommet.

I dag søkjer folk først og fremst på nett for å finne kunnskap. Då må kunnskapsberarane vere synleg til stades. Dei bør ha ei klår rolle i den offentlege nettsamtalen. Sjølvsagt kan forskarar agere på nettet som einskildpersonar (i bloggar eller aviser). Men då er oppgåva blitt privatisert. Ingen strukturar sørgjer for at denne ålmenne interessa blir skjøtta. Om kunnskaps-Noreg ikkje har strukturar for å delta i nettoffentlegheita, råkar det rett i kjernen av samfunnsbygginga. Vi skaper ei kløft der dei som skal forvalte kunnskap ikkje leverer innhald på arenaen der folk søkjer, lærer og diskuterer. Det hindrar tilgang til kunnskap. Det svekkjer kvaliteten i utdanninga. Det undergrev norsk som fagspråk. Det gjer det offentleg ordskiftet mindre opplyst. Vi får éin debatt for kunnskapseliten, éin for nettet. Det svekkjer demokratiet.

Kunnskapens infrastruktur

Det neste året skal Store norske leksikon bevise at vi kan lage ein kunnskapens infrastruktur på norsk nett. Allereie har vi 350 fagansvarlege som redaksjonen engasjerer til å ta ansvar for kvart sitt fagfelt. Dei røktar 220 000 artiklar som skal gi oppdatert fagkunnskap om alt vi kan i Noreg.

Store norske gir fagfolk til Internett, men vi skal også gi Internett til fagfolk. Snl.no er ikkje berre ein plass der ekspertar kan skrive medan andre kan lese. Monologisk kunnskapsformidling hørte papirtida til. Store norske er blitt ei bok alle kan skrive i, spørje og diskutere med. Når folk søkjer på Google etter “paranoid schizofreni”, er det bra at dei finn ein definisjon skriven av overlege Ulrik Malt. Men det er også bra at dei kan kritisere og stille dei vanskelege spørsmåla. Dei fagansvarlege svarer, og diskusjonen er synleg for alle som les. Artiklane blir utvikla etter innspel. Slik, i dialog framfor monolog, skjer den nye kunnskapsskrivinga på nett.

Samtidig blir dei signerte artiklane på snl.no kjelder for resten av norsk Internett. Folk kan syne til dei i media, på Wikipedia eller i nettdebattar. Slik blir innhaldet deira synleg i langt større samanhengar enn i sjølve leksikonet. Det betyr at norsk nettoffentlegheit får hundrevis av skrivande fagfolk å trekkje inn i ordskifta.

Får vi det til skikkeleg, har vi bygd ei bru over gapet mellom dei akademiske fagdebattane og folket på nett. Det er samfunnsverdi. Det er politikk.

Fremtidsvennlig innhold

Et leksikon er ikke en bok. Et leksikon er ikke en nettside. Et leksikon er innhold. Det viktige er ikke pent papir og gullrygg. Det viktige er ikke deleknapper til Facebook og Twitter. Det viktige er artiklene, lenkene mellom artiklene og metadataen til artiklene. Det er tekstene.

Intravenøs tekst

Fremtiden er ikke «nettsider». Fremtiden er innhold som kan leses på hver eneste plattform eller format som måtte komme. Og utviklingen av nye plattformer går fortere og fortere. Liv Gulbransen i Leser søker bok sa til meg at formatet ikke spiller noen rolle for teksten. For hennes del kunne vi godt satt litteratur intravenøst. Dette er et litteratursyn som blir vanligere og vanligere for folk som jobber med web. Og det er en måte å tenke på jeg tror er essensiell for oss i Store norske leksikon.

Innhold som vann

Jeg tror at innholdet vårt må være som vann. Det er det samme enten det helles i et kjøkkenglass, et badekar eller et svømmebasseng. Og vann blir ikke forvandlet til badekar av å tappes i badekaret. Vi pleide å ha leksikonet i en bok. Det betyr ikke at leksikonet var en bok. Men boka var ikke et veldig fleksibelt format. Det har preget innholdet vi jobber med. Derfor jobber vi med å forbedre vannkvaliteten vår. For når det kommer nye typer badekar og vannflasker, må innholdet vårt fungere like bra der også.

Tusen skjermer, ett leksikon

Hva betyr dette i praksis? Det viktigste vi har gjort for at leksikonet skal bli mer fremtidsvennlig, er å sørge for at det er responsivt. Vi har ikke et eget mobilleksikon. Vi har ikke et eget ipadleksikon. Vi har ikke et eget leksikon for store eller små skjermer. Vi har et leksikon som tilpasser seg skjermen du bruker automagisk. Og du får ikke en begrenset utgave av leksikonet. Du skal kunne både lese og skrive uansett hvilken plattform du sitter på. Selv om du ikke har smarttelefon, kan du prøve det ut ved å gå til nettsidene våre og endre størrelse på nettleseren din.

Veien videre

Å gjøre innholdet vårt fremtidsvennlig, er å sette innholdet først. Vi må jobbe for å lage et leksikon med tekst som er så bra at endringer i format ikke spiller noen rolle. Det betyr at vi ikke kan satse på fancy animasjon eller å lage en app. Vi må jobbe med teksten, og der er en enorm jobb som aldri tar slutt. Den gode nyheten er at alle som leser dette har muligheten til å være med å gjøre det enda bedre. For fokuset vårt er ikke at Store norske skal «overleve». Det er at Store norske skal være klar for 100 år til.

Dette innlegget er basert på et foredrag jeg holdt sammen med Ida Aalen. Det er inspirert av disse to artiklene hos A list apart.

La den rette komme inn

Hvor mye menneskeblod skal en mygg suge før den får plass i Store norske leksikon?

Innen dyreriket er det beskrevet ca. 1,35 millioner arter. 96 prosent av dem er virvelløse dyr. Hvordan velger leksikonet i mylderet?

Noen ganger er valget enkelt. Da entomolog Preben Ottesen begynte å skrive artikler om insekter i Store norske i 1986 var oppdraget å beskrive alle arter med norske navn, det vil si alle som sto oppført i et spesialnummer av tidsskriftet Fauna. Hadde arten et norsk navn var det sikkert viktig, og det var sikkert riktig. I senere år har den flittige Artsdatabanken gitt navn til så mange virvelløse dyr, at det ikke lenger duger som kriterium. 

Leksikonets redaksjon for virvelløse dyr har derfor satt seg fore å definere noen kriterier for hva som skal til for at et virvelløst dyr får sin egen leksikonartikkel:  

Nærhetskriteriet
Da professor Lauritz S. Sømme ble med på leksikonlaget og startet på sitt oppdateringsmaraton i 2011, begynte han med de krypene vi bryr oss mest om:  dyr som irriterer oss, som brennmaneter, de vi spiser, som kongekrabber  og de som spiser på oss, som bendelormer. Dette utgjør vårt første kriterium: Store norske leksikon skal ha artikler om virvelløse dyr som er godt kjent i den norske befolkningen og arter som er mye utbredt i Norge.

Guinneskriteriet
Citius, altius, fortius. Som i Guinnes rekordbok må spektakulære arter få sin plass i leksikonet.  Giganten Goliatbillen (10 cm), Morphosommerfugler med sitt vingespenn (20 cm) og de mikroskopiske bjørnedyrene  som har en imponerende varme og kuldetoleranse (tåler tørke og nedfrysning i flytende luft).  For ikke å glemme andenebb, muligens den eldste dyreslekt som enda lever.

Helsekriteriet
Virvelløse dyr kan ha store helsemessige konsekvenser for andre arter, som flåtten som kan overføre farlige sykdommer, som borreliose, til mennesker. Hundens treleddede bendelorm,  den fryktede lakseparasitten Gyrodactylus salaris og reinsdyrets nesebremser er andre eksempler.

Økonomikriteriet
De virvelløse kan ha stor økonomisk betydning som nytte eller skadedyr. Biene, sneglene, nematodene, kakkerlakkene og iktene. Hvor mye kvalm skal så en snegle lage før den er verdig en artikkel som følge av dette kriteriet? Det får bli en vurderingssak, men brunskogsneglen ble i hvert fall beskrevet da den gjorde livet sleipt for de med grønne fingre.

Nøkkelarter
Nøkkelarter er arter som står sentralt i økosystemene og er viktige for mange andre arter. Rauåte er et krepsdyr som forekommer i enorme mengder i havet og gir næringsgrunnlag for mange av våre viktigste fisk og for bardehvaler. Krill, også det et krepsdyr, er en nøkkelart i Sørishavet og gir grunnlag for hval, fisk og pingviner.

Sårbarhetskriteriet
Utrydningstruede og sårbare arter som står på Artsdatabankens rødlister og svartlister er det viktig å omtale. Elvemuslingen som danner perler. Mnemosynesommerfuglen som kan påtreffes i Norddal, Sunndal og Stranda (Møre og Romsdal), og Luster (Sogn og Fjordane). Slåttehumla som nylig ble observert for første gang på flere år. Det er imidlertid mange rødlistede arter, blant annet 444 biller og 340 sommerfugler, så SNL kan ikke skrive om alle. Her er det neste kriteriet til god hjelp.

Systematikk
Biologene setter arter i bås. De virvelløse dyrene kategoriseres i 35 rekker, som igjen deles i ordener, klasser og familier. De systematiske betegnelsene er gode utgangspunkt for artikler fordi de gir oversikt over feltet og gir mulighet til å samle mange arter i en artikkel. Av 4000 arter mosdyr er 340 observert i Norge. Men det holder lenge med én artikkel.

Artikler om familier er også de mest leste artiklene i kategorien virvelløse dyr, som marihøner, sommerfugler, edderkopper og bendelormer.

Aktualitetskriteriet
Til slutt; leksikonets aktualitetskriterium. Når det gjelder utvelgelse av arter er det ikke styrt av medienes interesse, men av forskernes interesse.

Med dette avrundes blogginnlegget med en oppfordring til alle som forsker på virvelløse dyr. Hva står på forskningsagendaen om dagen?

Innlegget er også publisert på Forskning.no

Nå har vi nye nettsider!

Nå er endelig de nye nettsidene her! Store norske leksikon har fått en skikkelig oppgradering. Du kan se nettsidene her. 

Hva er annerledes?

Vi er lettere å lese

Designet på de gamle nettsidene var ikke spesielt lesevennlig. Nesten alle besøkende gjør ikke noe annet enn å lese. Det er ca. 60 000 folk innom leksikonet hver dag. Av dem er noen hundre fagansvarlige og leksikonfolk som bidrar med innhold til SNL.  Det betyr at artiklene er det  viktigste i leksikonet. Vi har prioritert å gjøre dem lettere å lese. De nye nettsidene er responsive og fungerer like bra på store skjermer og små skjermer. Folk leser  like mye på mobil som på laptop.

Hva betyr det i praksis?

  • Vi har større skrift og mer luft.
  • Vi har et bedre søk, basert på informasjon om hva folk  søker på hos oss. Alle som søker «Ibsen» leter etter Henrik Ibsen osv.
  • Vi har egne søk for Store medisnske leksikon og Norsk biografisk leksikon.
  • Vi har en nettside som endrer størrelse og utseende ettersom hvor stor skjerm du ser den på. (Vi kommer aldri til å trenge en mobil.snl.no.)

Mange små lanseringer

Å endre en nettside med titusenvis av besøkende hver dag er ikke enkelt. Vi kan ikke stenge leksikonet for ombygging. Derfor er dette den første av mange små lanseringer. Først fokuserer vi på de som leser. Så fokuserer vi på de som skriver.  Til slutt slutt fokuserer vi på oss administratorer og redaktører. Akkurat nå er innlogget modus og kommentarfeltet skrudd av. Det er tilbake om kort tid, i ny og forbedret versjon. Sånn vil det bli:

Det er enklere å foreslå endring

Det er flere folk som finner feil enn det er folk som sender endringsforslag. Vi får mange eposter som burde vært innspill i kommentarfeltet. Derfor har vi prioritert å gjøre det  enklere å registrere seg, skrive nye artikler og foreslå endringer. Vi har også gjort det enklere å kommentere.

Hva betyr det?

  • Vi åpner kommentarfeltet for folk som ikke er logget inn
  • Nå trenger du bare å oppgi navn og epost for å registrere deg
  • Vi forenkler editoren vår, slik at det er lettere å skrive artikler

Store norske eXtra

Vi har prioritert store flertallet av brukerne våre. Det betyr at noen funksjoner har blitt nedprioritert. Det betyr ikke at vi har glemt mindretallet. Noen funksjoner er brukt av få, men de få bruker det mye.

Derfor kommer vi til å lansere en egen side vi kaller Store norske eXtra i løpet av våren. Der kommer du til å finne for eksempel disse funksjonene:

  • Kryssordsøket
  • Dagen idag
  • Les en tilfeldig artikkel

Kryssordsøket gjorde det vanlige søket vårt dårligere, men er mye brukt av noen hundre kryssordløsere. Dagen idag var nesten ikke lest på forsiden, men de som brukte det, brukte det hyppig. Det samme gjelder Les en tilfeldig artikkel.

Skål for alle som har jobbet!

Netlife Research har hatt ansvar for design, konsept og brukertest. De har vært fantastiske å jobbe sammen med, og vi anbefaler dem til alle andre der ute. Wilhelm Joys Andersen, Berge Bjørlo og Stein Cato Blodstrupmoen har jobbet natt og dag med å få alt på plass. Nå skal de fikse alle feilene som oppstår når man endrer noe på en nettside som er i bruk.

Hva synes du?

Vi vil gjerne vite hva du synes! Bruk kommentarfeltet, eller send oss en mail på jackson@nettleksikon.no. Vi svarer på alle spørsmål!