Politisk dagbok: Ja, vi vil vere venar!

wikipediatorget blir det diskutert om dei vil samarbeide med / møte / liker Store norske leksikon. Vi i SNL vil gjerne både dele, diskutere og snakke med dei aktive på Wikipedia. Så eg prøvde blande meg inn, men stranda i eit skikkeleg magaplask fordi eg ikkje klarte å leggje svara inn på riktig måte inni tråden. Derfor gjer eg det her i staden. Kanskje er det ok for andre å kunne lese også.

Kort oppsummert trur eg færre der inne er glade i SNL enn vi i SNL-redaksjonen er glade i Wiki. Den manglande kjærleiken er bygd på fire litt ulike ting:

1. Trekantdrama: At andre som liker SNL seier noko negativt om Wiki
Journalistar liker å setje ting opp mot kvarandre. SNL er glade for at Dagblad-journalistar liker oss godt, men vi sitt ikkje og dikterer kva dei skriv. Tvertimot avviser vi journalistar som vil ha oss til å gå ut mot Wiki. I SNL har vi berre meint å seie noko negativt om Wikipedia éin gong. Fordi dei fortente det. Er det fleire saker der VI har talt  negativt om W? Gi oss ei lenke under!

2. Vere / er / var / forblir dårleg?
Ein del meiner berre at SNL er «dårleg». Det var sant at SNL var eit dårleg nettprodukt. Vi har sagt det ofte sjølv. Men vi tar nettet på alvor og har revolusjonert arbeidsmåten. Det gjer sakene verkeleg veldig mykje betre. Sjekk statistikk på kor langt vi er komne no. Oppdater kritikken! Det hadde vori så utruleg deilig å bli kritisert for noko nytt vi kan gjere betre.

3.  Ein ekstra dose makt?
SNL er ein publiseringsinnovasjon i norsk forlagshistorie. Vi har beholdt ein redaksjonell modell med både forfattarar, redaktørar og utgivarar, men all produksjon og distribusjon skjer åpent på nett. Vi tar med oss nokre av fordelane frå papirsamfunnet, produserer & publiserer langt mer effektivt, gjennomsiktig og demokratisk. Vi gjer det sånn fordi vi meiner den komboen gir godt innhald! Akkurat som avisene beholder journalist, redaktør, utgivar – beholder SNL forfattar, fagredaktør – og utgivar. Eg har ingen vanskar med å seie at wikimåten er fin. Omvend ser fleire inni den tråden ut til å vere overtydde om at deira måte er den einaste aksepterte måten å lage godt innhald på.

Er det «elitistisk» at dei som kan mest bestemmer litt meir enn andre? I SNL synst vi ikkje anarkiet er så mykje meir demokratisk enn eit ope møte med ordstyrar og innleiar. Demokrati betyr ikkje at alle må ha like roller. Det betyr at alle kan delta. At alle har forslagsrett. At alle kan diskutere. Og at alle kan stemme (og at det er lett, så stemmeseddelen din td ikkje blir forkasta fordi du gjer tekniske feil … ). Vi meiner dette er det aller viktigaste nettet har å by på. Sjølv om ekspertar framleis finst.  BTW: Også på Wiki finst moderatorar med meir makt enn andre. Dei er wikiekspertar. Vi har fagekspertar.

4. Kva er gode kjelder?
Det viktigaste tråden avslører er at Wiki og vi har ganske ulik forståing av kva kjelder betyr. Dette må vi snakke meir om, for det er ein ekstremt viktig debatt i internetts tid. Somme på torget meiner at «eit leksikon ikkje kan vere kjelde til eit leksikon». Det er eit skikkeleg snurrig argument. Det blir slik fordi dei har lært seg at «Wiki ikkje kan vere kjelde til Wiki». Og det er sant. For Wikiskrivemåten kan berre bli «mest mogleg objektiv» av at dei som skriv kan syne til nokon andre som skriv det same på plassar som er – nettopp: signerte og publiserte under ansvar.

Men SNL skriv ikkje på Wiki-måten. Vi har skrivi litt om dette i Dagbladet før. La meg starte forfrå: Kva er ei god kjelde?

Dette er SNL-måten: Lauritz Sømme, Noregs superekspert med frysaren sin full av bjørnedyr som han har samla sjølv: Han har produsert uhorvelege mengdar vitskapsartiklar og bøker, men nesten ingenting på norsk. No bruker han tida si på å skrive basisen i alt han kan inn i SNL. Som utgivar har vi vald han ut og påstår at han publiserer vitskap. (Du kan ta oss for det om vi tar feil.) Og: Vitskap er IKKJE synsing. Det er metode. Sømme er forplikta til å byggje på alle relevante kjelder i faget han kan. Han representerer ikkje seg sjølv. Han representerer kor faget hans står – td i kunnskapen om bjørnedyr. Kvifor skulle ikkje SNL-artiklen av Sømme vere ei super kjelde for Wiki?

Slik ser vi oppdraget vårt: SNL skal sørge for at fagfolk destillerer kunnskapen dei sit inne med og bygger opp ein grunnmur av kunnskap der folk finn han. Grunnmuren trengst for å støtte opp under alt det andre nettinnhaldet: avisartiklane, blogginnlegga, twitterdebattane – og skoleoppgåvene. Det skal finnast fagkunnskap å lese og lenke til – om alt frå sjeldne diagnosar til verdshistorie.

Vi gir norskspråkleg internett 200 000 tekster like truverdige som om det var skrivne av ekspertar i papirbok. Berre mykje raskare. Nye opplag med rettingar når som helst. Med sjansen til å klage og spørje forfattaren. Eller skrive ilag. Så la meg spørje igjen? Kva er ei god kjelde, om ikkje dette er?

Sånn. Det var svar eg ville ha skrivi på wikitorget om eg hadde klart det. Lurer på om nokon vil snakke med oss her?