Politisk dagbok, kapittel 2

Dagen etter at 22. juli-kommisjonen la fram rapport hadde eg haustens første arbeidsdag med møte på Stortinget. Det var ikkje rart eg kjende det som eg kom med ei lita sak – oppi alle dei store spørsmåla som summa rundt i Stortingskantina.

Vel tilbake på kontoret er det på tide å sjekke korleis ferien har forløpt: Har leksikonet hatt det bra i sommar? Eg opnar Google analytics og pustar letta ut: Folk les meir leksikon enn dei gjorde i fjor. Tysdag 12. juni 2012: 68 000 lesarar (mot 40 000 tysdag 14. juni 2011). Så synk lesartala til det halve ettersom ferien legg seg over landet. Men i dag startar skulen og Store norske leksikon gjer seg klar til doble lesartal. Neste månad kjem éin million nordmenn til å lese Store norske leksikon. Nesten halvdelen av dei er elevar og studentar som slår opp på alt dei er i ferd med å lære. SNL er læreboka som definerer det meste, vi er boka dei kan spørje og diskutere med. Snart kjem kommentaren «Kan du fortelje litt meir om første verdskrig og korleis den påverka Noreg?»

Ein av dei siste dagane før ferien var Store norske til nytte i samfunnsdebatten: Etter vekesvis med strid om diagnosar i rettssalen, valde aktor å gå til SNL for å definere omgrepet neologisme på ein klar måte som også lekfolk kunne forstå. Artikkelen var skriven av Ulrik Malt, fagansvarleg for psykiatri i Store norske og fagkyndig vitne under rettssaka.

Så, første veke tilbake på jobb, skjer det same. No går debatten om kven som har ansvar for at ikkje ugjerningane blei forhindra. Men kva er ansvar? Kva tydar det når alle som ein seier dei «tar ansvar», ein fyr tar sin hatt og går medan andre blir sittande for å utøve ansvaret? Aftenposten valde laurdag å bruke ei heil side med utdrag frå artikkelen ansvar i Store norske leksikon. Artikkelen er skriven av Knut Erik Tranøy og er plassert i faget «etikk og moralfilosofi«, der filosof Heine Holmen er fagansvarleg og rede til å diskutere om nokon skulle vere usamd. (Apropos ansvar sluttar leksikonprofilen til Heine med at det er «hans mening at vår tenkning om mennesket og dets plass i verden vil endre seg radikalt ettersom det går opp for oss hva mennesket som en aktivt handlende aktør innebærer».)

Både den avsluttande talen til aktor og heilsida til Aftenposten syner kor sterkt behov vi har for å definere røynda. Som samfunnet treng vi fjell å stå på, å gå tilbake til – oppi all debatt, nye, vanskelege spørmål – eit fjell vi kan gå til, så vi kan tenkje tanken ut.

Leksikonet kan ikkje svare på om massemordaren laga neologismar. Vi kan ikkje svare på kvifor Øystein Mæland gjekk av. Men vi kan få dei klokaste hovuda landet har til å definere kva neologisme er. Og kva ansvar betyr. Det er ei viktig samfunnsrolle å ha. Så med ein million unike brukarar i månaden og i visse om at innhaldet vårt er nyttig, tar eg fatt på Stortingshøyringar og departementsbrev. Men eg trur eg vil starte med eit dikt:

Av og til
må noe vare lenge,
ellers mister vi vel vettet snart,
så fort allting snurrer rundt med oss.
Store trær er fint
og riktig gamle hus er fint,
men enda bedre –
fjell
Som ikke flytter seg en tomme
om hele verden enn forandres
(og det må den snart),
så står de der
og står og står
så du har noen å legge pannen inntil,
og kjøle deg
og holde i noe fast.

Jeg trivs med fjell.
De lager horisonter
med store hugg i,
som de var smidd av smeder.
Tenk på: – Den gamle nupen her har stått som nå
helt siden Haralds-tiden.

Den stod her da de spikret en arming fast til korset
Som nå. Som nå.
Med sildrebekker på og lyngkjerr og den store
bratte pannen
uten tanker i. Den sto her
under Belsen og Hiroshima. Den står her nå
som landemerke for din død, din uro,
kanskje dine håp.
Så du kan gå derforbi og holde i noe hardt.
Noe gammelt noe. Som stjernene.
Og kjøle pannen din på den,
og tenke tanken ut.
Og tenke selv.

Rolf Jacobsen Mere fjell frå Tenk på noe annet, 1979

(PS til dei retoriske: Jada, SNL skal flytte seg både ein og fleire tommar ettersom verda rasar vidare. Men endrar «ansvar» seg kvar gong eit menneske tar det, tru?)